Hopp til innhold

Velta tre førte til brann

Fylkesveg 614 mellom Svelgen og Ålfoten vart stengd etter eit tre bles over både veg ei kraftlinje i Sørdalen på Ålfotfjellet. Det byrja å brenne på staden, men den er no sløkt

Brann i Svelgen
Foto: Truls Kleiven / NRK

Alarmsentralen i Florø opplyser at gnistregn frå kraftlinja skal ha sett fyr på terrenget. Brannen er no sløkt og Mesta er på plass for å rydde.

– Alt mannskap i Bremanger er ute i Svelgen. Jobben der er å få vekk personar som oppheld seg utandørs, i tillegg sjekkar dei ut nokre gnistar som var meldt om i utkanten av sentrum, seier vaktleiar på Alarmsentralen Frode Eide.

På grunn av tre som datt over kraftlinjene er Myklebust i Ålfoten utan straum, opplyser Eide.

Utan straum er og Isane i Bremanger.