Hopp til innhold

Velta med firhjuling - to skadde

Ei jente og ein gut i slutten av tenåra vart lettare skadde etter eit uhell med ein ATV i Førde.

Ulukke med firhjuling i Førde

TO PERSONAR: Det skal ha vore to personar på firhjulingen som velta på ein kommunal veg i Førde fredag føremiddag.

Foto: Alf Vidar Snæland

Politiet melder fredag føremiddag om eit trafikkuhell på ein kommunal veg ved Flatene i Førde. Ambulanse og ein politipatrulje er sende til staden.

To personar skal ha fått lettare skader etter at dei velta på firhjulingen dei køyrde. Politiet sin operasjonssentral opplyser at dei to skadde vart sjekka av helsepersonell på staden.

Politiet i Førde etterforskar no saka. Politiførstebetjent Askel Rødland seier den eine personen vart send til sjukehus, medan den andre er send til lege for sjekk.

– Kva veit de om årsaka?

– Vi har ikkje fått snakka skikkeleg med dei involverte. Dei må først og fremst få medisinsk behandling og så tek vi avhøyr etter kvart.

– Var det lov å sitje to personar på denne firhjulingen?

– Det er ein del av etterforskinga å finne ut av dette, så det kan eg ikkje svare på no.

– Brukte dei hjelm?

– Det låg to hjelmar der og det var ikkje hovudskade, så dei var nok truleg brukt.

Det er ikkje mistanke om rus. Ifølgje Rødland var det våt vegbane og ikkje glatt veg der uhellet skjedde.

– Har det vore stor fart?

– Det er ingenting som tyder på det ut frå skadeomfanget på køyretøyet.