Hopp til innhold

Velta bord på NAV-kontor – dømd til fengsel

Ein mann i 20-åra vart aggressiv då han ikkje fekk pengane han meinte han hadde krav på. Han velta eit bord på NAV-kontoret. No har Fjordane tingrett dømt han til fengsel i 30 dagar.

I mars i år var mannen i møte med to kvinnelege NAV-tilsette. På møtet hissa mannen seg først opp over husværet han var tildelt. Han sa fleire gonger at dersom NAV ikkje skaffa han noko betre ville han sette fyr på husværet.

Dette kravet fekk han ikkje innfridd.

Neste punkt på saklista handla om pengar. Mannen meinte han hadde rett på utbetalingar til livsopphald. Han fekk til svar at han berre kunne få pengar for den tida han hadde opphalde seg i den kommunen der han hadde husvære.

Dette fall ikkje i god jord. Mannen tok tak i møtebordet og velta det framover. Så forlèt han rommet og slo døra opp med slik kraft at døra slo hol i veggen på utsida. Dei NAV-tilsette ringde så politiet og heldt kontoret stengt til politifolka hadde fått tak i mannen.

Fjordane tingrett meiner det ikkje er tvil om at han oppførte seg så trugande for å få meir pengar enn det NAV ville gje han, og at dette var eigna til å framkalle frykt hjå dei NAV-tilsette.

Mannen er tidlegare straffedømd åtte gonger for m.a. vinnings- og narkotikalovbrot. Med i dommen på 30 dagars fengsel er og oppbevaring av hasj og Stesolid, og for å ha gått med ein samanleggbar kniv.