Hopp til innhold

Vellykka toppturkonkurranse i Stryn

Lars Erik Skjervheim frå Voss og Malene Haukøy frå Kyrkjebø vart noregsmeistrar under toppturkonkurransen Stryn Rando 3000.

Stryn Rando 3000
Foto: Johann Olai Svidal

Vinnaren av konkurransen var rett nok spanjolen Kilian Jornet, som var raskast av dei kring 120 deltakarane, med vinnartida 2.18, 49. Noregsmeister kan han likevel ikkje kalle seg. Tidsdifferansen mellom Jornet og Skjervheim var på cirka 2 og eit halvt minutt.

Raskaste kvinne vart svenske Emelie Forsberg framfor landskvinna Ida Nilsson (Fjällframfart). Malene Haukøy (IL Haukøy) frå Kyrkjebø kom på tredjeplass og tok med det NM-tittelen på kvinnesida. Sjå full resultatliste her.

Mange spreke folk

Stryn Rando 3000 vart arrangert for første gong i fjor, og har start og mål ved Stryn vinterskisenter.

Johan Olai Svidal

NØGD: Johann Olai Svidal i arrangementskomiteen til Stryn Rando er svært nøgd med dagens løp.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det har vore mykje glede og entusiasme blant deltakarane. Folk smilte frå øyre til øyre, seier Johann Olai Svidal frå arrangementskomiteen til Stryn Rando 3000.

Han er imponert over at så mange valde å konkurrere.

– Rundt 80 av dei 120 deltakarane melde seg på i konkurranseklassene. Det er formidabelt. Vi er svært imponerte, seier Svidal.

Mykje dugnadsinnsats

– Det har vore mykje dårleg ver i det siste, men i dag kom sola og vi fekk ein fantastisk dag i fjellet, seier Svidal.

Svidal understrekar at det har vore lagt ned mykje arbeid i forkant av løpet.

– Vêrutfordringar har gjort at vi har måtta legge om løypa i siste liten. Det har vore ein stor jobb. Eg vil rette ei takk til alle frivillige som har stått på for utan dei hadde vi ikkje fått til dette, seier Svidal.

HER kan du sjå ein film frå Stryn Rando 2017. (Filma og produsert av Himmelhøgt, Ole Eltvik og Fokus Media.)

Stryn Rando 3000 er ein konkurranse der det handlar om å gå raskast over sju fjelltoppar, til saman 3.000 høgdemeter, på randoneeski. Grunna forholda i år blei det korta ned til tre toppar og kring 2.200 høgdemeter.