Hopp til innhold

I fjor brautsambandet saman - no har dei endeleg sikra kontakt

Mangelen på satellittelefonar var ei av årsakene til det nærmast totale kommunikasjonssamanbrotet fylket opplevde under Dagmar i fjor. No har kommunane skaffa seg telefonane, og i går gjennomførte dei ein vellukka test.

Satelittelefon-øving

ØVDE PÅ NY KRISESITUASJON: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand (t.h.) og Tore Sønnesyn testa ut om alle kommunane fekk satellittelefonane sine til å virke.

Foto: Arve Uglum / NRK

Fylkesmannen si beredskapsavdeling gjennomførte i går ein vellukka test av dei nyinnkjøpte satellittelefonane. Målet med øvinga var å finna ut om alle kommunane og etatane kunne vera med på sambandet samstundes utan at det braut saman.

– Visste ikkje om folk var i live eller ikkje

No håpar fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand at dei skal unngå kaoset som rådde i store deler av Sogn og Fjordane for snart eitt år sidan.

Her i fylket er det ingen som gløymer jula 2011. Stormen Dagmar tok straumen til 56.000 abonnentar i Sogn og Fjordane 1. juledag, og medan stormen herja vart Telenor sine basestasjonar tappa for straum. Etter kort tid var så godt som alt samband daudt.

(Artikkelen held fram under bilete)

Ordførar Sven Flo snakkar i satelittelefonen

SLEIT MED KONTAKT ETTER DAGMAR: Men Sven Flo, ordførar i Stryn, hadde i alle fall satellittelefon, i motsetning til mange andre kommunar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– I verste fall visste me ikkje om folk var i live eller ikkje i Nordfjord. Verken me, politiet, sivilforsvaret, Helse Førde eller nokon andre fekk tak i dei kommunane. Det var ein veldig spesiell og ubehageleg situasjon som eg håpar me unngår å koma i ein gong til, seier Stensvand.

Mange stader gjekk det mange veker før telefonsambandet kom tilbake etter stormen, då mobilmaster vart sett ut av spel og fasttelefonlinjer vart rivne ned i stormen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fortsatt mange utan telefon etter orkan

Framleis mange utan telefon etter orkan

Vellukka

Kommunar og naudetatar hadde berre nokre få satellittelefonar den gongen – og få visste korleis dei virka. No har dei aller fleste skaffa seg slikt utstyr, og i går vart det gjennomført ein vellukka test.

Naudetatane og kommunane kopla seg på sambandet etter tur, før Stensvand forsikra seg om at alle kunne høyra det som vart sagt.

– Poenget med øvinga var å sjå om mange kunne vera med samstundes, og det fekk me til, seier Stensvand.

– Kva skulle du gitt for å ha denne moglegheita i romjula i fjor?

– Eg skulle gitt ganske mykje for det!