Operasjonen laurdag var vellukka, og truleg blir kneet heilt bra igjen, fortel den uheldige vektløftaren.
Vellykka inngrep
Det var då Grimseth skulle ta det første løftet i støtkonkurransen i OL at sena i kneet rauk tvers av. Vektløftaren frå Naustdal fall om, og måtte berast ut på båre. Laurdag vart han operert ved Ullevål sjukehus, og landslagslege Lars Engebretsen seier inngrepet var vellukka. Men skaden er alvorleg, og det er ikkje sikkert at kneet blir så bra at han konkurrere igjen. Likevel har han ikkje bestemt seg for om han skal legge opp eller ikkje.
Åtte veker på krykker
Grimseth kjem heim til Naustdal i dag, men må bu seg på åtte veker med krykker. I går hadde han framleis store smerter etter operasjonen.