Hopp til innhold

Vellukka Lærdalsmarknad

– Det er takka vere dugnadsinnsatsen i Lærdal at vi år etter år får eit så solid arrangement som Lærdalsmarknaden, fortalde ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, då han opna Lærdalsmarknaden på fredag.

Han retta deretter merksemda mot alle heltane i Lærdal og nabobygdene som deltok i sløkkjearbeidet under storbrannen i januar 2014.

– Det er den enorme mengda friviljuge eldsjeler som gjer at vi kan stå her i dag, eit halvt år etter storbrannen, sa ein audmjuk ordførar.

Overrasking

Lokalbanken Indre Sogn Sparebank har hatt kontor i Lærdal i 154 år og saman med resten av lærdølene kom dei tett på storbrannen. Lokalbanken ynskte å gje noko tilbake til bygda som vart hardt råka av flammeinfernoet i januar.

På vegner av Indre Sogn Sparebank overrekte administrerande direktør, Egon Moen, ein sjekk pålydande ein million kroner til ordførar Jan Geir Solheim og Lærdal Kommune.

– Bygda treng både moralsk og økonomisk støtte i tida framover. Difor vil vi gje dykk denne vesle gåva, sa Egon Moen.

– Eller, den er jo ikkje så liten, korrigerte han seg sjølv.

Då den stolte Lærdalsordføraren synte fram sjekken braut det ut spontan applaus frå publikum.

Biltreff

På laurdag kunne ein spegla seg i blankpolerte bilar i både eldre og ny kledning. Indre Sogn Automobilclub arrangerte biltreff med kåringar i ulike klassar.

– Med 100 utstillarar er det større oppslutnad i år enn nokon gong tidlegare, sa sekretær i Indre Sogn Automobilclub, Erling Kvalsøren. Utstillarane vart vurdert av ein fagjury samt publikum, og fekk mogelegheita til å sanke inn gjeve titlar for bilane sine.

– Til saman vart det delt ut seks prisar, der ein deltakar fekk tildelt to prisar, fortalde Kvalsøren.

Det var store kontrastar på vinnarane denne gongen, og i fagjury-kategorien ”nyttekøyretøy” vart trekkvogna til Sigve Evjen ein klar vinnar. Han vart og tildelt andreplassen i kåringa der publikum fekk bestemme.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Lærdalsmarknaden

STASLEG VOGN: Trekkvogna til Sigve Evjen var ein klar vinnar kategorien 'nyttekøyretøy'.

Foto: Erling Kvalsøren

Bilen som fell best i smak hjå publikum vart bilen til sekretæren i klubben, Erling Kvalsøren som no kan titulere seg med ”publikumsprisen: vinnar av open klasse”.

Folkemylder

– Det ryktast om publikumsrekord i år, sa kommunikasjons- og informasjonsansvarleg i Lærdal Næringsutvikling, Odd Helge Brugrand fredag kveld.

Allereie eit par timar etter marknaden opna på laurdagen bogna gatene av folk.
Sansane fekk utfolde seg fritt etter kvart som ein gjekk forbi marknadsbodene.

Her kunne ein lukte alt frå grillmat til søtt sukkerspinn, og auga kunne kvile på lekkert handarbeid frå mange flinke handverkarar. Lærdalsmarknaden er kjend for sitt fokus på marknadstradisjonar, og med eit utval av ting og tang ein ikkje får kjøpt til vanleg vart dette til ein marknad for ein kvar smak.

Kvammegarden

I den elles så romslege Kvammegarden vart det til tider kamp om sitjeplassane på laurdag. Det tyda på at programmet på utescena fall i smak hjå publikum. Her kunne ein få oppleve nasjonale songar i samband med markeringa av Grunnlovsjubileet, dans og foredrag.

I tillegg fekk ein oppleve sogndalsbandet ”Kronisk Latskap and Friends”, som ein tidlegare har høyrt om i samband med Ungdommens Kulturmønstring (UKM).

Om nokre dagar skal bandet i bresjen i Trondheim under UKM si landsmønstring.
Same dagen kunne ein og få høyre eit utdrag frå Kabaret Makaber med Marita Vangen Bratteteig og Gudmund Bolstad Skjær i spissen. Sistnemnde har nyleg gjeve ut plate med bandet ”Caffeine Patrol”.

Brannsuvenir

– Dette er detaljert, keramisk handverk utført av ein pottemakar i Litauen, fortalde Odd Helge Brugrand.

Han står bak prosjektet med å forevige blant anna ”Synnøva Eris hus” i Lærdal, den freda bygningen som brann ned til grunnen i januar 2014.

– Det var eit vanskeleg og tidkrevjande arbeid, men med hjelp av arkiverte drone- og flyfoto fekk vi til ei komplett rekonstruering, fortel Brugrand. Dette er små hus ein kan setje stearinlys i, og minnast bygningane slik dei ein gong var.

Fantastisk helg

– Vi har fått tilbakemeldingar om bra sal hjå dei ulike buene, og parkeringsvaktene har aldri opplevd så mykje bilar som i år, fortalde sekretær i foreininga Lærdalsmarknaden, Jon E. Tamnes på søndag ettermiddag.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Lærdalsmarknaden

POPULÆRE BODER: Mange la turen innom handelsbodene i Lærdal.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Det er kjekt å kunne syne dei besøkande at Lærdal kom seg gjennom storbrannen i januar med optimismen i behald, og eg er takknemleg for at marknadsområdet ikkje vart råka.

– Kvart år er det mange utstillarar som ynskjer å få plass på Lærdalsmarknaden. På grunn av etterspurnaden set vi av god tid til å kvalitetsvurdere tilbydarane, slik at vi får ei god bredde på marknaden, informerer han.

Han fortel vidare at Lærdalsmarknaden har rykte på seg i å halde eit høgt nivå på kva besøkande blir eksponert for, og at dette skuldast vurderingsprosessen utstillarane går gjennom i forkant.