Hopp til innhold

Veljarane flyktar frå Arbeiderpartiet

Ei ny meiningsmåling viser at Arbeiderpartiet kan gå på ein kraftig smell i Sogn og Fjordane.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

VELJARFLUKT: Sjukehusstriden i Sogn og Fjordane fører til veljarflukt frå Ap.

Foto: NRK

I Nordfjord, der lokalsjukehuset er truga, er partiet nede i elleve prosent oppslutnad. Det skriv Bergens Tidende måndag.

Respons Analyse AS har utført ei meiningsmåling på oppdrag frå Bergens Tidende og Aftenposten. Den viser ein kraftig nedgang for Ap i Sogn og Fjordane, samanlinkna med valet i 2009 og valet i 2007.

  • Kva meiner du? Legg igjen kommentar heilt nede i artikkelen.

Situasjonen er verst i Nordfjord

Den verste situasjonen er i Nordfjord; der er partiet nede i elleve prosent oppslutnad.

– Tendensen er heilt klar: Veljarane på Vestlandet vil straffe Ap ved kommunevalet, seier dagleg leiar Thore Gard Olaussen i Repons Analyse til Bergens Tidende.

Meiningsmålinga avslører at eit fleirtal av veljarane i Sogn og Fjordane er sterkt kritiske til regjeringa si handtering av sjukehussaka. Over 60 prosent meiner Stoltenberg-regjeringa har kome dårleg frå den betente saka.

– Eg er sjokkert over det som skjer i partiet når alle dei såkalla Oslo-broilerne styrer, seier Åshild Rimstad Kvalheim, Ap-politikar frå Bryggja i Nordfjord.

Høgre og Frp er vinnarane

Høgre og Framstegspartiet går kraftig opp på meiningsmålinga, og veljarar som stemmer på dei partiet leggjer mest vekt på sjukehussaka når dei skal stemme ved haustens lokalval.

Ifølgje Bergens Tidende leggjer folk i Sunnfjord minste vekt på saka enn dei som bur nærare lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid.

– Eg er ikkje overraska over at sjukehussaka og helsespørsmål er viktig for partival. Vi tek dette på alvor, og meiningsmålinga viser behovet for klare løysingar og ei rask avklaring, seier partisekretær Raymond Johansen.

statssekretær Raymond Johansen i Utenriksdepartementet

TEK SAKA ALVORLEG: Partisekretær Raymond Johansen i Ap seier dei tek saka på alvor.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX