Hopp til innhold

50 gonger so mange går opp Storehesten no som for ti år sidan

50 gonger so mange går på fjellet Storehesten no som for ti år sidan. – Det er effekten av motbakkeløpet, seier Helge Kårstad, arrangementssjef for Storehesten Opp.

Helge Kårstad og Storehesten opp
Foto: Brit Jorun Svanes / Alf Vidar Snæland / NRK

Til helga blir Storehesten opp arrangert for åttande gong. I tillegg til å vera med i motbakkecupen er det også norgesmeisterskapen i motbakkeløp 2013.

Men det er ikkje berre denne eine dagen i året det er mykje folk på Storehesten no lenger. Løpet av fått store ringverknader for kor mange som tek turen opp på det 1209 meter høge fjellet.

Frå 100 til 5000

– I 2004 var det kanskje mellom 100 og 200 personar som var på toppen i løpet av året. No har me rimeleg god kontroll på at det er 5000 personar oppe i løpet av året, seier Helge Kårstad, arrangementssjef.

Fjellet ligg i Gaular kommune og er eit kjent landemerke i Sunnfjord. Kårstad seier at merksemda rundt løpet og fjellet er med å skapa motivasjon for å halda fram også i tida framover.

Helge Kårstad
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Me er ein gjeng som driv med dette heile året. Drivkrafta har nok etter kvart blitt at me ser at arrangementet skapar merksemd rundt fjellet, og det er trafikk heile året. Sommarstid er det mykje folk kvar einaste helg. Det er nok ein av dei viktigaste motivatorane for å leggje ting til rette i dette turområdet som Storehesten opp er blitt.

Håpar på publikumsrekord

381 deltakarar er førehandspåmelde, i NM er det 168 påmelde, så det vert ein stor gjeng som spring ut frå start i år. Men Kårstad håpar på fleire.

– I konkurranseklassa som spring den tøffe løypa på 11 kilometer, var det på førre NM 250 løparar. So langt ser det ut til at me kan håpa på ny rekord i år, seier han.

Han håpar på masse folk i løypa når det skal kjempast om den gjeve NM-tittelen.

– Dei som startar i mosjonsklassa, der folk kan starta frå klokka 8 om morgonen, kan vera i målområdet når konkurranseklassa startar klokka 12. Då blir det veldig god stemning der, slik det ha vore før om åra, seier Kårstad.