Hopp til innhold

Vel nettradio i staden for DAB på grunn av dårleg dekning

Det nye DAB-nettet skal gje radiolyttarane fleire kanalar. Men mange slit framleis med å få signal. I Jølster har musikkelskar Frank Anders Borch-Åmot gitt opp DAB, han brukar heller nettradio i bilen.

Dårleg DAB-dekning

UTAN DEKNING: Framleis er det mange stadar i Sogn og Fjordane utan DAB-dekning.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– No høyrer du at signalet byrjar å bli forferdeleg dårleg, seier Borch-Åmot.

Det blir stille i bilen til Frank Anders Borch-Åmot i det han køyrer frå heimen sin i Jølster mot Sogndal. På displayet i bilen står det at favorittkanalen hans P13 er valt på DAB, men radioen er taus.

Frank stoggar bilen og hentar opp mobilen. I det siste har han byrja å bruke nettradio.

– Her vi står no er det ikkje DAB-dekning, men via blåtann kan eg høyre radio via mobilen.

Frank Anders Borch-Åmot

UTAN DEKNING: Frank Anders Borch-Åmot frå Jølster meiner DAB-dekninga er for dårleg.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Nettradio

For sjølv om NRK sine hovudkanalar skal nesten ha full dekning i Noreg, treng dei kommersielle og nisjekanalene som P13 berre dekke 90 prosent. Frank opplever då at det er for dårleg dekning, og at nettradio er det beste alternativet. Dei 3000 kronene det kosta å få DAB i bilen meiner han er bortkasta.

– Personleg meiner eg at det ikkje er godt nok, verken dekning eller lydkvalitet. Stadig vekk opplever eg at lyden blir grautete.

– Uheldig å låse seg til DAB

– DAB er 25 år gamal teknologi og allereie gamaldags. I framtida trur vi at stadig fleire vil velje nettradio, seier Per Morten Hoff, generalsekretær i IKT Norge.

Per Morten Hoff

UHELDIG: Per Morten Hoff er generalsekretær i IKT Norge.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Hoff tykkjer det er uheldig at NRK og dei kommersielle radiokanalane har låst seg til DAB-teknologien, når det i framtida vil komme betre alternativ. Sjølv om mobilnettet ikkje ville takle det om alle byrja å høyre på nettradio i dag, vil det vere mogleg i framtida, seier han.

– Om nokre år får vi 5G som neste generasjons mobil, den er 1000 gonger raskare og med langt større bandbreidde. I utgangspunktet vil internettradio ha betre lyd, og etter kvart også betre dekning.

Samstundes har radionettet aldri vore bygt ut i ein slik skala som i dag.
Tidlegare var det berre ein kommersiell kanal med 90 prosent dekning på FM-nettet.

DAB er framtida

Distribusjonssjef for radio i NRK, Petter Hox, seier at DAB er ein teknologi for framtida og er den radiostandarden mange i verda brukar.

Petter Hox

DAB ER FRAMTIDA: Petter Hox er distribusjonssjef for radio i NRK.

Foto: Digitalradio Norge AS

– NRK har valt DAB som er ein verdsomspennande standard. Det er den som skal overta for FM og vare i mange år framover.

– IKT Norge meiner det er feil å satse på DAB, og at ein i staden bør satse på nettradio?

– Eg meiner vi har valt begge delar, så kan folk velje det dei sjølv ynskjer. Men for mobilt mottak så er DAB det aller beste, seier Hox.

For Frank Anders Borch-Åmot er det berre eitt alternativ: Nettradio på mobil. Men med dagens teknologi blir det dyrt.