Hopp til innhold

Vel borgarleg vigsel, sjølv om dei no også har lov til å gifte seg i kyrkja

Frå og med 1. februar kan homofile og lesbiske gifte seg i kyrkja, men for Jon Vatlestad Uglum og Øyvind Schramm blir det likevel borgarleg vigsel til sommaren.

Homofilt ekteskap

GIFTER SEG BORGARLEG: Øyvind Schramm og Jon Vatlestad Uglum vil gifte seg borgarleg, sjølv om dei frå 1. februar også har lov til å gifte seg i kyrkja.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Når dei i utgangspunktet ikkje hadde lyst til å gjere eit slikt vedtak, og det framleis var så mange som var i mot, så bestemte vi oss for at sjølv om vedtaket vart positivt, så nei, då skulle dei ikkje få bryllaupet vårt heller seier, Jon Vatlestad Uglum.

Måndag vedtok eit stort fleirtal på Kyrkjemøtet ein felles vigselsliturgi for likekjønna. Det betyr at frå og med 1. februar kan homofile og lesbiske par gifte seg i kyrkja.

Gifter seg borgarleg

Vatlestad Uglum og Schramm har planlagt bryllaupet sitt i 1,5 år allereie. Dei har bestemt seg for å gifte seg borgarleg. Dei etterlyser nemleg ei endå rausare folkekyrkje og tykkjer det er synd at prestar ikkje kan akseptere alle uavhengig av legning.

– Dette er noko vi har blitt samde om, og har snakka mykje om. Vil ikkje kyrkja ha oss så skal dei sleppe, seier Schramm.

Som den einaste opne homofile på heimstaden opplevde han det som direkte retta mot han, då presten i kommunen gjekk ope ut som motstandar mot likekjønna vigsel.

– No skal dei seiast at det også er mange prestar som har lyst til å vie homofile, og det håpar eg at dei kjem til å fortsette med, seier Schramm.

Lang kamp

For mange homofile og lesbiske har det vore ein lang kamp for å få lov å gifte seg i kyrkja. Både Vatlestad Uglum og Schramm gler seg over det no er lov, men er og oppgitte over at det skulle ta så lang tid.

– Eg tykkjer det er litt skremmande at det framleis skal diskuterast om folk med vår legning skal få lov å leve saman med den dei elskar, og om vi skal få lov å gifte oss. Så det er både litt sjokkerande og litt sårt av vi ikkje er komne lenger i 2017, seier Vatlestad Uglum.

– Men kan du forstå prestar som har eit anna syn?

– Ja, absolutt. Eg har full respekt for dei som har eit anna syn. Det er bra at vi har ulike meiningar, men eg tykkjer ein del av dei argumenta som kjem fram burde vore eit tilbakelagt stadium, seier Vatlestad Uglum.

Bryllaup med 190 gjester

Når Vatlestad Uglum og Schramm til sommaren skal gi kvarandre sitt ja, skjer det i eigenkomponert seremoni.

– Vil valde svært tidleg at vi skulle lage vår eigen seremoni. Det vert først i tingretten og etterpå vert det med vener og familie, seier Vatlestad Uglum.

– Det vert eit beskjedent lite bryllaup med 190 gjester, ler Schramm.

– 190 gjester, det høyrest mykje ut?

– Ja, men vi er svært glade for at vi har så mange som vi kan få lov til å feire med, og det syner og at dei ynskjer å vere med å feire kjærleiken og at vi skal få lov å vere saman for alltid, seier Schramm.