Hopp til innhold

Vel å sjå positivt på politireforma

Det har vore for mykje negativt fokus på avgjerda om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt, meiner politispesialist Gunnar Englund.

Operasjonssentralen i Florø

FORSVINN: Operasjonssentralen til Sogn og Fjordane blir lagd ned. Arkivfoto.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Englund har jobba i politiet i Sogn og Fjordane i 25 år, og han meiner det ikkje er grunn til å sjå så mørkt på framtida når det første vonbrotet har lagt seg. Han meiner det er mogeleg å berge mellom 20 og 30 politiarbeidsplassar i Florø.

– No skal vi inn i forhandlingar med Hordaland som to likeverdige distrikt, og då må vi nytte sjansen. Det har vore negativt fokus på beredskap, men beredskap kjem vi alltid til å ha. No kan vi forhandle oss fram til å få ei betre polititeneste for publikum i Sogn og Fjordane.

Søndag vart det klart at regjeringspartia saman med Kristeleg Folkeparti, Venstre og Arbeidarpartiet kom fram til eit kompromiss i politireforma. I det kompromisset var det ikkje rom for Sogn og Fjordane som eige politidistrikt.

– Mange dyktige politifolk

– På kva område tenker du at vi kan få ei betre teneste?

– Det mest openberre er dei spesialistfunksjonane vi alt har i distriktet, dei får vi no sjansen til å utvikle. Vi har gode SO-team, team for organisert kriminalitet, IKT-tenester, kriminalteknikk, økoteam, og så har vi eit godt instruktørkorps og hundeteneste.

– Alt dette kan vi no utvikle. Problemet til no har vore kapasitet. No kan vi få det fagleg forankra hjå Hordaland, men samstundes ha det desentralisert.

Han meiner at mange av dei som blir ledige på operasjonssentralen i Florø kan gå inn i spesialistfunksjonar.

– Der sit det mange dyktige og svært røynde politifolk som utan tvil kan gå rett inn i dei spesialiststillingane. Eg trur ikkje det vil vere fare for tap av mange arbeidsplassar dersom vi jobbar for det no.

– Godt straffesakskontor

Eit anna felt der Englund ser for seg vekst i Sogn og Fjordane er på straffesakskontoret.

– Vi har eit straffesakskontor som fungerer heilt utmerka, i Bergen har dei ikkje same systemet, så kvifor ikkje byggje opp det kontoret vi har? Vi kan berge mange sivile stillingar på den måten.

Han trur ikkje beredskapen i Sogn og Fjordane vil bli særleg endra når distriktet blir lagt inn under Hordaland.

– Vi har folk som er ute i aktiv teneste store delar av døgnet, så beredskapen blir dekt.

Gunnar Englund er fullt klar over at Sogn og Fjordane blir ein veslebror i eit nytt og stort politidistrikt.

– Vi blir eit underbruk under dagens Hordaland, det ser vi både på folketal og kriminalitet. Nettopp difor bør vi behalde vår eigenart og våre grupper og funksjonar for å oppretthalde tenestene til publikum. Det meiner eg er fullt mogeleg å få til, men då må vi ta tak i det no. Om eit halvt år er det for seint.