Men bamsen hadde vondt, og dei måtte vere sterke og mange dei som skulle få Stian opp på båra og frakte han ut av lokala - og ut av OL.
Heime i Naustdal sat kompisar frå vektløftar miljøet og følde med på bildene frå Athen, og trudde knapt det dei såg fortel formann for vektløftargruppa i Naustdal, Gunnar Reikvam.
- Fælt å sjå
Geir Grønnevik trur Stian Grimseth får vanskar med å kome tilbake i toppen. (Foto: NRK)
Uansett kva framtid Stian har som profesjonell vektløftar, så treng dei han og all erfaringa hans i Naustdal. Geir Grønnevik vert av mange rekna som arveprinsen etter Stian Grimseth, både i Naustdal og nasjonalt. Men det var fælt for Grønnevik å sjå førebiletet på fjernsyn i går. Og treninga onsdag vart spesiell etter å ha sett førebiletet gå i bakken med store smerter.
Uventa skade
Grimseth var i stor-form og skaden kom svært uventa. Geir Grønnevik trur det blir vanskeleg for Grimseth å komme tilbake til den forma han er i no. Men uansett om Stian kjem tilbake eller berre driv hobby-vektløfting så håpar Grønnevik på hjelp og gode råd frå Stian. For det er ein prestasjon berre å komme til OL, meiner han.
(Foto: AP/Scanpix)