Hopp til innhold

Kjell gjekk frå dør til dør og banka på då brannalarmen gjekk

Då brannalarmen gjekk i Stenehjembygget i Sogndal like før klokka 06 onsdag morgon, vakna Kjell Erdal med eit rykk. Så gjekk han frå dør til dør for å vekkje naboane sine.

Vekte naboane

HØYRDE ALARMEN: Kjell Erdal bur i tredje etasje i Stenehjembygget i Sogndal, og vakna av brannalarmen litt før klokka 06 onsdag morgon.

Foto: Arve Uglum/privat / NRK

– Brannalarmen gjekk like før klokka 06. Eg gjekk ut for å sjå om eg såg noko. Eg såg ingenting, men kjende ei stram lukt, fortel Erdal.

Han bur i tredje etasje i Stenehjembygget, der det onsdag morgon var eit branntilløp i ei vaskemaskin i kjellaren. Då han ikkje såg kor brannen kom frå i tredje etasje, gjekk han nedover etasjane.

– I første etasje var det så tett med røyk og tett lukt at det ikkje var noko godt å vere der. Ikkje såg eg noko særleg heller, seier Erdal.

Rakk ikkje bli redd

Han la difor i veg opp att i etasjane for å banke på der han visste at det budde folk. Det er fem hyblar og tre leilegheiter i det fem etasjar høge bygget. Ifølgje politiet vart seks til sju personar evakuerte etter branntilløpet.

– Eg banka på dørene i to andre leilegheiter og to hyblar. I byrjinga var det ingen som reagerte, men etter kvart kom dei ut frå to av leilegheitene, fortel Erdal og legg til at desse hjelpte han til ambulansen kom til staden.

Han hadde i mellomtida ringt brannvesenet.

– Eg forsøkte å finne ut kor det brann, men det klarte eg ikkje, for det var så mykje røyk, seier Erdal.

Han fortel at han ikkje var redd medan det heile stod på.

– Nei, det rakk eg ikkje. Men eg merkar det no etterpå. Det er ikkje noko kjekt, seier Erdal.

Han rosar naudetatane for å ha komme raskt på staden.

– Dei var her etter få minuttar. Det trur eg var avgjerande, seier Erdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stenhjemsbygget

EVAKUERTE: Politiet valde å evakuere alle som budde i Stenehjembygget då det var tilløp til brann i ei vaskemaskin i kjellaren onsdag morgon.

Foto: Arve Uglum / NRK

Måtte ha oksygen etterpå

Han måtte sjølv ein tur i ambulansen etter å ha fått i seg mykje røyk og gassar.

– Eg kasta opp og var ganske elendig rett etterpå, så eg vart vel liggjande i ambulansen i tre kvarter med oksygen, seier Erdal, som elles har sleppt unna hendinga utan mein.

– Dei vil ha meg inn att for å sjekke lungene seinare i dag, men vi får tru at det går bra. Eg er ganske gruggen i stemma, men elles går det greitt, seier Erdal.

Men det er ikkje første gangen Erdal opplever at det tek til å brenne i eit hus han bur i. For vel to år sidan var det eit branntilløp i Flåten-gården, eit knapt steinkast frå Stenehjembygget.

Glad han vart vekt av brannalarmen

Den gongen var det røykutvikling i ei leilegheit, men til alt hell vakna Erdal av brannalarmen, og var med og fekk ut mannen som var i leilegheita.

– Det var ikkje så kjekt, det heller, seier Erdal.

Han trur ikkje han får problem med å sove i natt, men er takksam for at han vakna av brannalarmen onsdag morgon.

– Eg er veldig glad for det. Det var godt at det var såpass langt utpå morgonkvisten, seier Erdal.

Han er tilbake i leilegheita si, som ber tydeleg preg av morgonens dramatikk.

– Alt må nok vaskast ned. Sjølv om eg har alle glasa opne, så er det ganske stram lukt her inne. Men vi får vere glade for at det gjekk så bra som det gjekk og at naudetatane kom så fort som dei gjorde, seier Erdal.