Hopp til innhold

Vekst for turismen i Nordfjord

Turismen i Nordfjord aukar med 3,2 prosent, ifølge Fjordingen. På landsbasis aukar den med 3 prosent i talet på gjestedøgn. – Vi skal vere stolte og glade for at menneske frå andre nasjonar ynskjer å besøke og lære om Nordfjord, seier Marita Lindvik i Visit Nordfjord til NRK. Ho meiner ein har lov å ta betalt når ein sel eit kvalitetsprodukt. – Nordfjord er ein fantastisk stad, og det må vi jobbe for å oppretthalde, seier ho.

Marita Lindvik
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK