NRK Meny
Normal

Vekslande VM-hell for råsterke søskenbarn

– Eg fekk ut maksimalt av meisterskapen. Tommy er nok ikkje like nøgd, seier Roger Navarsete (26).

Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter

STERKE: Fredrik Eskil Myrvang, Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter utgjer tre fjerdedelar av dei lokale deltakarane i VM i benkpress.

Foto: Privat

Under VM i benkpress persa Roger Navarsete seg med sju kilo i benkpress. Med 280 kilo i andre forsøk sletta han sin eigen norske rekord og tok 7. plass blant 16 deltakarar i klassa -93 kilo.

Hans beste prestasjon noko sinne som seniorløftar.

– Målet var 280, så dette er eg kjempenøgd med. Hadde eg også klart 282,5 kilo, så hadde det vore ein stor bonus. Det vart enkelt og greitt for tungt, seier 26-åringen.

Ingen teljande

Meisterskapen gjekk denne veka av stabelen i danske Rødby. Søskenbarna Roger Navarsete og Tommy Navarsete Espeseter var begge i aksjon laurdag. Og begge i same klasse.

Sistnemnde reiste til VM for å slette sin eigen personlege rekord på 272,5 kilo. Han fekk ingen teljande løft.

– Det var ikkje noko futt i dag. Heilt daudt. Frykteleg seigt når ein trenar så hardt for dette, og så stemmer ingenting på stemnedagen, seier han.

Intern duell

Espeseter har inga forklaring på kvifor det gjekk så gale.

– Eg byrja på 267,5 kilo, men merka allereie då at eg ikkje hadde noko å gi. Det same i andre løftet. På tredje og siste løft hadde eg ingenting å tape, så eg satsa alt på 280 kilo, seier han.

Dermed gjekk Navarsete sigrande ut av søskenbarnduellen.

– Vi har jo ein intern fight, og denne gang vann han utan tvil. Det er greitt å bytte litt på det, seier han.

Siktar mot EM

Neste store stemne for søskenbarna er EM i august. Espeseter er klar på at han går inn mot meisterskapen med stor revansjelyst.

– Eg kunne delteke i nasjonale stemne, men no blir det ei veke pause og så er det berre å gunne på fram mot EM, seier han.

Det vil også søskenbarnet Navarsete gjere.

– No har eg fått løn for langsiktig jobbing, og det skal eg halde fram med. Det er å ta kilo for kilo, så blir det jakte ny personleg rekord i EM, seier han.

Nummer sju blant veteranane

Veteranløftaren Arild Kråkenes frå Jotun løfta -105-kilosklassa torsdag. Også han vart nummer sju med 230 kilo som beste resultat.

Naustedølen Fredrik Eskil Myrvang enda på 5. plass i klassa -59 kilo med eit løft på 165 kilo.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.