Kai Åge Pedersen skal ut på nye beitemarker, og har teke til i jobben som ny redaktør i Sogn Avis. Medfjogning Geirmund Henjum kan ikkje styre showet åleine. Tida får vise kva innslag som skal erstatte programmet.
- Det er trist at det er siste gong me lagar "fjogningen", men det må bli slik. Me gir oss medan me er på topp, og eg har ikkje lyst til å halde fram utan Kai Åge, seier ein trist Geirmund Henjum.
- Fredagane kjem aldri til å bli dei same etter "fjogningen", seier Kai Åge Pedersen. - Eg kjem til å sakne Geirmund, men eg reknar med å høyre gaulinga hans på mobilen kvar dag likevel.