Hopp til innhold

Vekao i Sogndal blei innleia med pølsefest

(SOGNDAL, NRK) Pølsene gjekk bokstaveleg tala ned på høgkant då den tradisjonsrike Vekao i Sogndal opna torsdag. No er studentane klare for 10 dagar med alt anna enn skulearbeid.

Konsertar med kjende band som CLMD, Postgirobygget og Valentourettes, samt akvitetar både dag, kveld og natt, er stikkord for det som er den største vinterfestivalen i Sogn og Fjordane.

Men under opninga av Vekao på Høgskulebygget torsdag var det mat som var i fokus for Vekao-sjef Andrá Rainer Strann og dei andre ivrige studentane. Mange tok sjansen på å vere med på pølseeting på tid, noko festivalsjefen var særs nøgd med.

Har jobba dag og natt

– Eg synes eigentleg at det gjekk veldig bra, folk viste jo ein såpass stor entusiasme at dei prøvde å sluke alle pølsene som var. Folk fekk med seg at det skjer mykje under Vekao, og eg gler meg til å halde fram no i 10 dagar, fortel André til NRK.no.

Han har jobba dag og natt saman med resten av Vekao-styret for å få alle detaljar på plass, og forventingane blant medstudentar og sogningar er høge.

– Vi vil jo tilby studentane noko dei ikkje får tilbod om til vanleg, som til dømes pølsespisetevling i kantina midt på dagen. Her i Høgskulebygget har vi også eit spelhjørne og ei avslappingssone. Dei har eit tilbod som er litt utanom det vanlege. No vonar eg resten av Veka blir like bra som opninga, seier André og gliser.

Vinnarane gav alt for sigeren

Dei modige studentane som stilte opp for å ete pølse om kapp var noko bleike, men fatta etter to intense minutt. I herreklassen var det Niklas Fjellet som stakk av med sigeren.

– Det kjennes bra! Eg er jo eit konkurransemenneske, så eg må jo gje alt. Eg klarte å ete tre heile pølser, og eit halvt brød. Det var ein god frukost, sa ein særs nøgd vinnar.

I dameklassen var det rett nok berre to deltakarar, men vinnar Mari Haraldsen gav alt for å sikre seg førsteplassen. Rundt rekna tre pølser med brød på to minutt sikra sigeren.

– Det er gøy å vinne noko! Pølser er alltid godt. Eg skal vere med på mykje utover i Vekao, så dette blir kjekt.

Studentane på Høgskulen i Sogndal tevla om kven som kunne ete flest pølser på to minutt.

Fleire hundre møtte opp

Fleire hundre studentar og tilsette ved Høgskulen hadde teke turen til kantina for å få med seg opninga av årets utgåve av Vekao, som har tradisjonar langt tilbake på 70-talet i Sogndal. Ein av dei var Ole André Sandberg.

– Eg har den forventninga at det blir meir festivalpreg enn tidlegare. Dei har fokusert mykje på dagaktivitetar i tillegg til det som skjer på Meieriet på kvelden. Det ser eg verkeleg fram til, seier Sandberg, som også er leiar for Studentsamfunnet.

Mange tek fri frå skulearbeidet

– Kva er det med Sogndal og studentmiljøet du meiner er så bra?

– Det er den nærleiken du får til Meieriet og Høgskulen. Alt er veldig tett og du ser att mange av dei same studentane overalt, og du knyter band. På ein større plass er det lettare å gøyme seg vekk, seier Sandberg.

Sjølv har han tenkt seg på fleire konsertar, noko og mange andre har sikta seg inn på. Fleire av konsertane er alt utselde, og det er få billettar att til mange av dei andre arrangementa under Vekao.

– Eg trur alle no er klare til å ta Vekao heilt ut. No er det på tide å kanskje leggje skulen litt på hylla, ta seg ei veke fri og berre ha det moro,gliser Sandberg.

Pølseeting på tid var ein av aktivitetane under opninga av Vekao i Sogndal.