Det meiner dagleg leiar Bjørn Skovly i Kalda-Kari AS, etter at Direktoratet for naturforvaltning i går vende tommelen ned for planane.
- Vi har fått ein konsesjon som er avgjerande viktig for Veitastrond, og viss vi misser den igjen, så reknar eg det som sjølvsagt at dei kompenserer det på anna vis, seier Skovly.
Lang kamp
I går vart det kjent at Direktoratet for naturforvaltning seier nei til landing med helikopter ved fjelltoppen Kaldakari. Bygdefolket på Veitastrond har i fleire år arbeidd for å få frakte turistar opp til denne fjelltoppen. I 2002 fekk dei tommelen ned for planar om å lande på sjølve toppen, som ligg inne i nasjonalparken.
Landingsløyve
Men dei gav ikkje opp, dei kom med nye planar som innebar landing like utanfor grensa. Og i februar i fjor fekk dei konsesjon til landing frå Luftfartstilsynet. Men Direktoratet for naturforvaltning seier nei, og det undrar Bjørn Skovly.
- Vi hadde representantar frå direktoratet på besøk her, og fekk inntrykk av at dei hadde stor forståing for situasjonen vår. Men no ser det ut til at dei har utvida nasjonalparken ved at dei seier at kommunen heller ikkje kan forvalte randsona til eit verneområde, seier Skovly.
Store konsekvensar
Og det at kommunane ikkje får råderett over inngrep i randsonene kan få fylgjer for andre planar òg, meiner Skovly - til dømes planane om småkraftverk på Veitastrond.
- Det er det vi frykter, og det er difor viktig å få vite om dette er i Kaldakari-sak eller om dette generelt skal gjelde tekniske inngrep nær ein nasjonalpark. For da er dette viktig for bygdene i heile Noreg, seier Skovly.