Ifølgje Statens Vegvesen er det ei elv som har skifta leie. Vegvesenet vil synfare området i dag for å vurdere når vegen kan opne att.
Bjørn Skovly, innbyggjar på Veitastrond, er uroleg over at det på nytt har gått ras på vegen til bygda. - Det verste er at du også på sommartid vert minna på at det er område på vegen som er utsett for ras, seier han.
Arkivfoto. Luftputebåten på Veitastrond.
Luftputebåt
Skovly hadde i går god nytte av luftputebåten som vart innkjøpt for nokre år sidan for at innbyggjarane på Veitastrond skulle komme seg fram når vegen vart stengd av ras om vinteren. For det dreiv mykje restar av raset i vatnet.
Stort ras
Skovly seier det var eit kraftig ras. Folk fem kilometer lengre inne i bygda høyrde smellet då det losna, og såg store steinblokker som kom ned med jorda. Skovly anslår raset til å vere mellom 50 og 100 meter.