Veit ikkje om brann var påsett
Det er framleis ukjend om brannen i dei tjue bilvraka ved Vartdal Gjenvinning i helga var påsett eller ikkje. Kjell Magne Barsnes ved Flora politistasjon, seier til Firdaposten at dei ikkje har funne noko som tilseier det eine eller det andre. Politiet vurderer no kor mykje ressursar dei skal bruke på vidare etterforsking.