Hopp til innhold

Tunneltaket må sikrast

Taket i Søreidetunnelen har blitt vurdert av geolog. No håpar Statens vegvesen at tunnelen kan opnast att i morgon.

Geolog i Søreidetunnelen

STENGT: Ein geolog har i dag undersøkt Søreidetunnelen.

Foto: Staten vegvesen

I føremiddag har ein geolog vore i Søreidetunnelen og gjort vurderingar.

– Det må utførast reinske- og boltearbeid i området. Vi vonar at dette arbeidet vil vere avslutta før dagen er omme, skriv Leif Henning Øyre frå Statens vegvesen i ein e-post.

Det var i går kveld det losna stein frå taket i tunnelen.

Søreeidettunnelen

STEINRAS: Desse steinane låg i Søreidetunnelen søndag kveld.

Foto: Kenneth Førde

– Då eg køyrde heim frå jobb i går, låg det masse stein i vegen inne i tunnelen. Eg stoppa og rydda det bort, fortel Kenneth Førde.

Førde brukar Søreeidetunnelen dagleg. Den ligg på fv. 92 i Høyanger kommune.

Nokre timar etter at han hadde køyrt gjennom tunnelen søndag kveld, vart den stengd av Statens vegvesen.

– I går kveld klokka 19.29 fekk vi melding om at det hadde kome ned stein frå tunneltaket. Det blei det bestemt at vi måtte stenge tunnelen til ein geolog hadde vurdert det, fortel Leif Henning Øyre i Statens vegvesen

Vegtrafikksentralen opplyste i dag tidleg om at det hadde losna store steinblokkar frå taket i natt.

– Dette er dessverre slik som kan skje innimellom. Vi kan ikkje ope tunnelen før vi er sikre på at det ikkje kjem ned meir stein, seier Øyre.

Blir skipa med båt

Kenneth Førde jobbar i Sogn Aqua som held til i Slantevika. Dei tilsette her er avhengig av tunnelen for å komme seg på jobb. Det same gjeld dei tilsette i Osland havbruk.

– I dag har alle blitt skipa med båt til jobb, fortel Førde.

Førde seier det ofte er ras langs vegen ut til Slantevika, men han har ikkje opplevd ras inne i tunnelen.

Søreidetunnelen