Veit ikkje når Olden-Innvik opnar

Riksveg 60 mellom Olden og Innvik er framleis stengd på grunn av ras. Statens vegvesen seier det er uklart når vegen opnar. Det vil bli gjort ny vurdering klokka 19.00 tysdag kveld.

Steinras ved Ugla mellom Innvik og Olden

STORE STEINBLOKKER: Dei digre steinane dundra ned fjellsida og ned på fylkesveg 60.

Foto: Arne Vik

Steinblokk over fylkesveg 60 mellom Innvik og Olden

LIGG IGJEN: Det er fleire steinblokker oppi dalsida etter raset gjekk i går.

Foto: Arne Vik
Steinras på fylkesveg 60 Olden - Innvik

STENGJER VEGEN: Slik såg det ut etter at raset gjekk måndag føremiddag.

Foto: Arne Vik
Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik

DIGER BLOKK: Så stor var den eine steinen som kom ned.

Foto: NRK.no-tipsar

Det var litt før klokka ni måndag føremiddag at steinblokkene dundra ned utanfor Vanbergtunnelen, ved Ugla, på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Stryn kommune. Vegen har vore stengd sidan raset kom.

Jan Erikstad i vegvesenet seier det er for tidleg å seie kor tid vegen opnar.

– Vi veit ikkje før litt utpå dagen korleis det bli, men det ser ut til at det tek litt tid.

No føregår det reinsking på staden og deretter blir det vurdert om det er trygt å opne. Erikstad seier dei enno ikkje veit om det er fare for nye ras.

– Vi ventar tilbakemelding frå dei som er på staden. Vi har geologar på plass og dei vil følgje opp dette, seier Erikstad.

Kan vere fare for nye ras

Geolog Kristian Kjesbu har arbeidd i dette området tidlegare også, og seie det er eit kjent punkt der det har kome fleire ras tidlegare.

– Det er bratt og med mykje parallelle sprekker. Dette fører til at stein ligg på gli mot vegen. I tillegg er det mykje berg som er relativt laust, seier geologen.

– Kor stor er faren for at nye steinar rasar ned?

– Det er ofte fare for nye ras og nedfall av lause steinar i dei første dagane etter eit ras. No har vi reinskingsmannskap som tek med det som er laust, og vi vil også prøve å dytte på større blokker som er lause, seier han.

Geologen seier det er vanskeleg å seie når vegen kan opne, for arbeidet tek ofte lenger tid enn dei trur.

– Folk skal ikkje basere seg på at vegen blir opna i dag, men vi frå sjå etter kvart.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ras mellom Olden og Innvik sperrar riksveg 60.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut på rasstaden måndag føremiddag.

Ventar stor ferjetrafikk

Einaste omkøyringsveg er på E39 via Anda-Lote. Måndag var det stor trafikk og lange køar på ferjesambandet.

Skipper Helge Bjørneset på ferja MF Lothe, seier dei tek unna trafikken no, men ventar auke utover føremiddagen.

– Det er bra trafikk med litt fleire bilar enn vanleg, men vi reknar med auke frå 10-11-tida.

Det er ikkje sett inn ekstraferje, men den som er der går i skytteltrafikk for å ta unna den store mengda med bilar.

– I går hadde vi 3000 bilar med over fjorden og ekstremt mange store bilar. Vi går med ein gong ferja er full. Men i går hadde vi stor trafikk at vi ikkje klarte å halde ruta, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.