NRK Meny
Normal

Veit ikkje når kampen vert spelt

Fotballforbundet har funne ny kampdato for dei aller fleste kampane som vart utsette grunna streiken. Eit unnatak er oppgjeret mellom Rosenborg og Sogndal.

Henrik Furebotn

MÅ VENTE: Henrik Furebotn og Sogndal veit førebels ikkje når kampen mot Rosenborg vert spelt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Norges Fotballforbund måtte utsetje eliteserierunde ni på grunn av spelarstreiken i Niso. Først i dag kom forbundet fram til at klubbane skal spele kampane 29. juni – med to unnatak:

Forbundet har ikkje funne nytt tidspunkt for Rosenborg–Sogndal og Aalesund–Tromsø. Både Aalesund og Rosenborg skal nemleg spele europacup dagen etter.

– Vi skal ha fem lag ut i Europa, og gode førebuingar til dette har vore sentralt og førande i denne prosessen – samstundes som prinsippet om to heile dagar mellom kvar kamp er viktig for å sikre best mogleg sportslege vilkår, seier avdelingsleiar Nils Fisketjønn i konkurranseavdelinga i NFF.

LES OGSÅ:

Sogndal sitt oppgjer mot Rosenborg skal vere spelt så snart som råd, men ifølgje forbundet er seinaste dato for kampen sett til 26. oktober.