NRK Meny
Normal

Veit ikkje når det blir hyppigare avgangar

Ferjeanbodet Anda-Lote er framleis ikkje utlyst og det kan bli utsett.

Ferja Lifjord til på Lote

EI FERJE: Så lenge det går berre ei ferje her, er det ikkje mogleg å få til hyppigare avgangar.

Foto: Øystein Torheim

Det skriv Firda Tidend. Då det vart vedteke 20-minuttsavgangar i desember i fjor, opplyste Statens vegvesen at det nye ferjeanbodet ville bli utlyst om kort tid. Men anbodet er framleis ikkje lyst ut.

Dei fleste innbyggjarane i Eid og Gloppen hadde rekna med hyppigare avgangar frå januar 2017. Dagens anbod går ut 1. januar 2016, men no har Statens vegvesen forlenga med eitt år som dei har høve til. Dermed kan avgangar kvart 20 minutt bli utsett til 2018.

– Dette har teke lenger tid enn vi har rekna med, seier Anders Sæternes som er fagkoordinator for ferjedrift i Statens vegvesen.

Skuffa ordførar

Han seier til avisa at om dei skal greie det, må dei kjøpe eller leige inn ferje.

– Ei ferje er ikkje i stand til å trafikkere sambandet med 20 minutts avgangar.

Ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen seier han er skuffa og seier dette er dårleg nytt for trafikantane.

– Bilistane har eit sterkt ønskje om tettare frekvens så snart som råd, seier han.

– Vi kan ikkje stå med lua i handa

Heller ikkje ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid er nøgd. Han meiner det er brot på eit stortingsvedtak.

– Dette må ryddast opp i. Stortinget har vedteke 20-minuttsavgangar frå 1. januar 2017. Så vidt eg veit, har det ikkje kome tilbakemeldingar frå regjeringa til Stortinget om at dei ikkje greier å følgje det vedtaket. Dette er ei naudsynt oppgradering av framkommelegheit og reisetid på E39.

– No er det langt på overtid allereie. Det er ingen grunn til å stå med lua i handa og seie at eit år til er godt nok, seier Bjørlo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.