NRK Meny
Normal

Unge veit ikkje kven listetoppane er

Det er siste innspurt før valet og stortingskandidatane jobbar knallhardt for å vise seg fram. Likevel er svært mange heilt ukjende, spesielt for dei unge.

Det er siste innspurten før valet. Stortingskandidatane jobbar knallhardt for å visa seg frem. Likevel er svært mange heilt ukjende, - spesielt for dei unge.

SJÅ VIDEO: Dei unge veit ikkje kven politikarane våre er.

Politikarane våre har stilt opp i fjøs, i debattar, bada i alle kommunane og rulla store og gule nøste. Alt for å få merksemd i ein hektisk valkamp. Målet er å kapre nettopp di stemme.

Men sjølv med alt dei er med på av påfunn, så er det ikkje like lett å bli kjend. Mange unge anar ikkje kven listetoppane i Sogn og Fjordane er.

For elevane på Flora vidaregåande skule er fleire av stortingskandidatane heilt ukjende.

– Eg har sett nokre før, men veit ikkje namnet, seier fleire av dei.

Elevane meiner politikarane ikkje snakka om saker som dei unge bryr seg om.

– Det blir for lite om studietilbod, skulepolitikk og familiepolitikk, slikt som påverkar meg og min kvardag, seier Mathilde Stenseth.

Førstekandidat til Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, seier dei har vore for dårlege om dei unge ikkje veit kven dei er.

– Dette er ungdommar som skal røyste oss inn på Stortinget og då er det viktig at vi viser oss fram for dei unge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.