Hopp til innhold

Stenginga har vore kjent i snart eitt år - ho veit ikkje kva jobb ho får

Måndag er det over og ut for føde- og ortopediavdelingane ved Nordfjord sjukehus. Sjølv om ein har visst om det i snart eitt år, er det fleire tilsette som ikkje veit kva jobb dei no går til.

Siri Myklebust

UVISSE: Siri Myklebust er oppgitt. Ho veit ikkje kva jobb ho har å gå til over helga.

Foto: Birger Meland / NRK

Ei av dei som ikkje veit kor ho skal møte opp er operasjonssjukepleiar Siri Myklebust. Ho seier uvissa tærer på personalet.

– Du kan tenkje deg sjølv, viss du ikkje veit kor du skal møte opp på jobb over helga, sukkar ho.

– Rart at dei kan vente så lenge

Det er lenge sidan det vart bestemt at Nordfjord sjukehus ikkje lenger skal ha eit fødetilbod og ortopeditilbod. Allereie i desember i fjor vart dørene stengde på ortopediavdelinga, men sidan har dei tilsette her måtte vere i beredskap.

Helse Førde sitt vedtak har skapt sterke reaksjonar i nærområdet og det har lenge blitt kjempa ein kamp for å få behalde tilboda.

Men frå måndag av er det altså slutt. Fleire av dei tilsette som har jobba ved desse avdelingane veit no ikkje kva som ventar.

Siri Myklebust seier at det er fleire andre ved akuttmedisinsk seksjon som er usikre på kva oppgåver som ventar over helga.

– Det er rart at dei kan vente så lenge med å gje oss svar på det, seier ho.

Strikka for å få tida til å gå

Vedtaket om nedlegging kom i desember, og allereie i februar opplevde fleire av dei tilsette ved sjukehuset at det var manko på arbeidsoppgåver.

Hastenedlegginga av ortopedien første då til at heile operasjonsteamet, i tillegg til anestesilegen måtte gå i beredskap på skift. Det sjølv om det nesten ikkje var noko å gjere.

Anestesisjukepleiar Hildegunn Espe fortalde den gong til NRK.no om korleis dei tilsette fekk tida til å gå med strikking og prat.

– Det er heilt vanvitig. Her sit vi og drikk kaffi og strikkar. Og tenkjer på dei lange ventelistene over heile landet, sa Espe til NRK.no i vinter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord Sjukehus

UTAN FØDE OG ORTOPEDI: I lang tid har tilsette og sjukehusforkjemparar jobba for at Nordfjord sjukehus likevel skal få behalde føde- og ortopeditilbodet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fleire omsyn

Årsaka til at det har teke lang tid å avklare dei nye arbeidsoppgåvene til dei tilsette er at styret i Helse Førde først i august avklarte kva tilbod sjukehuset skal ha.
I tillegg vil Helse Førde at flest mogleg skal få den jobben dei ønskjer, seier personaldirektør Arne Skjelten.

– Vi ville avvente svar frå dei som allereie har fått tilbod om jobb. Viss vi hadde gitt eit tilbod no, så hadde dei ikkje fått innvilga førstevalet sitt. Vi prøver å dra det så lenge, slik at vi kan prøve å imøtekomme deira ønskjer, seier Skjelten.

Tillitsvalde har godkjent prosessane, men Siri Myklebust er ikkje imponert.

– Det at eg no ikkje veit kva avdeling eg skal begynne ved på måndag, det er vel eit bevis på at ein kan stille spørsmål ved dei prosessane, seier Myklebust oppgitt.

Lovar at dei tilsette skal få svar

Og Skjelten kan forstå at Myklebust og fleire andre med ho er oppgidde. Han lovar at ho og dei andre no skal få svar.

– Dei tilsette ønskjer ei hurtig avklaring, samtidig som dei er opptekne av at vi skal bruke mest mogleg tid for å få på plass framtidige løysingar, seier han og legg til:

– Alle tilsette vil få vite denne veka kor dei skal møte måndag, ingen skal måtte tvile på det.