Hopp til innhold

Veit ikkje bakgrunnen for ny tilsynssak

Kva som gjer at fylkesmannen opnar ny tilsynssak etter at ei ung jente døydde i fosterheim, veit ikkje kommunen. Ordføraren lovar å gje dei svara dei kan i saka.

Ordførar Jarle Aarvoll framfor kommunehuset i Sogndal

SVAR: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll håpar den nye tilsynssaka kan gje fleire svar på kvifor den unge jenta døydde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er ikkje kjend med årsaka til at det blir opna opp att. Vi vil til ei kvar tid gje svar på det fylkesmannen og politiet spør etter, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Fylkesmannen gjorde det fredag klart at dei opnar opp att tilsynssaka mot Sogn barnevern etter at ei 13 år gamal jente vart funnen død i si eiga seng i fosterheimen. Bakgrunnen for at saka blir teken opp att er at det har kome fram nye opplysningar.

– Eg håpar vi får svar på mest mogleg. At ei jente døyr i ung alder gjer at ein stiller seg ein del spørsmål, og eg håpar at alle partar får svar på dei ulike spørsmåla, seier Aarvoll.

Fylkesmannen konkluderte i april med at barnevernet si handsaming og oppfølging var forsvarleg, men nye opplysningar gjer at saka no skal opp igjen. For Fylkesmannen konkluderte fredag også med at fastlege til jenta ikkje har handla i tråd med god praksis.

– I gjennomgangen av saka mot fastlegen har det kome fram nye opplysningar som gjer at saka som gjeld Sogn barnevern må vurderast i eit nytt lys, sa fylkeslege Per Stensland til NRK fredag.

Kan ikkje svare på om kommunen har gjort feil

Han kan ikkje gå i detaljar om dei nye opplysningane, men seier det er vesentleg grunn til å opne opp att saka. Den nye informasjonen skal vere knytt til informasjonsflyten mellom Sogn barnevern og fastlegen jenta hadde medan ho budde i Sogndal. Advokaten til jenta sine biologiske foreldre meiner Sogn barnevern har hatt alvorlege manglar og ikkje gjort ting dei skulle gjort.

Ordføraren, som uttalar seg på vegner av Sogn barnevern, ser positivt på at saka får ein så grundig gjennomgang som mogleg, men kan ikkje svare på om kommunen har gjort feil i saka.

– Det er eg ikkje kompetent til å gje svar på. Nokre gonger vil ein få svar på det andre gonger ikkje. Det er i alle si interesse å hjelpe til slik at ein får svar i den grad det let seg gjere, seier Aarvoll.

Politiet etterforskar framleis dødsfallet.