Veit ikkje årsaka til grunnstøyting
Dei kriminaltekniske undersøkingane er ferdige, men politiet har ikkje funne årsaka til at ein mann omkom då båten grunnstøytte mellom Skjerjehamn og Eivindvik natt til fredag. Det seier lensmann i Eivindvik, Ivar Holmaas. Framleis ligg to kvinner alvorleg skadde på sjukehus. – Dermed er ikkje avhøyra komme i gang, seier Holmaas.