Professor ved Norges landbrukshøgskole og ekspert på tryggleik i driftsbygningar, Torgeir Lyngtveit, meiner det er livsviktig at styresmaktene no set av pengar til intensivt informasjonsarbeid.
Han får støtte frå Ole Brunes som er leiar i Landbrukets helse-miljø- og sikkeheitsteneste.
Utvikla vifte
Torgeir Lyngtveit har i mange år arbeidd med å utvikle sikringsutstyr for gardsbruk. Han har mellom anna utvikla ei vifte som per i dag er det tiltaket som blir tilrådd for å unngå co 2-forgifting i silo.
Vanlegaste dødsårsaka
På 1980-talet var gassforgifting den desidert vanlegaste dødsårsaka ved ulukker i landbruket. I den perioden gjekk rundt 30 liv tapt i landbruket kvar einaste år.
Utover 90-talet vart talet på dødsulukker halvert, og dei siste åra har ein klart å redusere ulukkene ytterlegare ved hjelp av informasjon og nytt sikringsutstyr. Men gårsdagens ulukke, der tre personar omkom i ein silo, syner at ein ikkje er i mål. Det stadfestar Ole Brunes, som er leiar i landbrukets helse- miljø- og sikkerhetsteneste, HMS.
Men det finst ikkje tal på kor mange bønder som har investert i sikringsutstyr i siloane sine, seier Brunes.
Vifter einaste råd
Leiar i Norsk Bondelag, Bjarne Undheim, seier installering av vifter er det einaste verkemiddelet ein kan bruke for å sikre seg mot ulukker.
Leiar i Norsk Bondelag, Bjarne Undheim, seier siloarbeid er blitt farlegare ettersom jordbruket vert stadig meir modernisert.