Hopp til innhold

Skyss eller Kringom – kva skal namnet vere?

Om eit halvt år blir Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke. Men framleis har ikkje politikarane bestemt seg for kva som skal vere felles merkenamn på kollektivtilbodet.

Skyss og Kringom (montasje)

SKYSS OG KRINGOM: To fylke i dag, to namn. Kva blir det nye namnet i Vestland fylke?

Foto: Ida Yasin Andersen og Arne Stubhaug / NRK

I dag køyrer buss- og båtrutene i Hordaland under namnet Skyss, medan namnet i Sogn og Fjordane er Kringom.

Leiar av samferdsleutvalet i Hordaland, Jon Askeland (Sp), seier han ikkje har bestemt seg, men han ser to mogelege løysingar.

Jon Askeland

SER FLEIRE LØYSINGAR: Jon Askeland (Sp) i samferdsleutvalet i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland

– Det eine er at du må velje eitt av dei to namna, eller at ein finn ei løysing der ein vel begge namna, seier han.

Askeland utelukkar ikkje at namnet Kringom også kan vere godt likt i Bergen.

– Vel ein eitt av dei to namna, bør ein teste populariteten. Og kven veit, kanskje bergensaren likar Kringom betre enn Skyss. Det veit vi ikkje, og det ligg ikkje føre nokon saksutgreiing eller innstilling på bruk av namn no. Kanskje må det vere ei mobilisering til, eller ein konkurranse, seier han.

Begeistra for Kringom

Sjølv om han ikkje har bestemt seg, vedgår han likevel at han har ein favoritt.

– Eg må vere veldig forsiktig, men kan eg leggje det politisk korrekte til side, så er eg veldig begeistra for Kringom. Det har ein flott klang, men Skyss er eit kjapt og greitt namn. Og der er vi også ved kjernen, at dei to namna er godt innarbeidde i fylka.

Meiner Skyss er betre

På gata i Bergen har folk litt forskjellige syn på kva det nye namnet bør vere.

Anna Marie Berg seier ho ikkje var klar over at Kringom er namnet på selskapet i nordfylket.

Anna Marie Berg

LIKAR KRINGOM: Anna Marie Bergen seier det er litt vestlandssvung over namnet Kringom.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Men det var jo ganske fint då. Litt sånn vestlandssvung over det, så eg går for det eg. Heller det enn Skyss, for det er er inkjeseiande.

– Kva assosiasjonar får du til det namnet då?

– Rundt omkring, at ein reiser rundt omkring. Det må jo vera veldig greitt, ler ho.

Gabriella Miranda

USIKKER: Gabriella Miranda trur kanskje eit nytt namn blir best.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Gabriella Miranda seier det ville vere litt uvant i byrjinga om namnet Skyss forsvinn.

– Men det er kanskje litt vanesak. Når ein først skal samlast, så kanskje ein skal finne eit nytt namn slik at det blir ein mellomting.

Eirik Fluge tykkjer at Skyss er eit betre namn enn Kringom.

– Og Kringom er jo litt sånn nynorsk, så det blir jo litt framand her i Bergen. Kan dei ikkje skifta til Skyss då? Eller dei kan finna på eit nytt namn. Då kan dei jo laga eit nytt busselskap som heiter Yr, ler han.

– Kringom betyr jo rundt omkring, er ikkje det litt fint til eit busselskap?

– Jau då, det passar jo. Rundt omkring, kan dei jo heite. Det gjer det litt folkeleg.

Vil unngå krangel

Noralv Distad, ordførar i Aurland

VIL HA KRINGOM: Noralv Distad (H) i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Leiar for hovudutvalet for samferdsle i Sogn og Fjordane, Noralv Distad (H), meiner namnet i Sogn og Fjordane stiller sterkast.

– Namnet er kanskje ikkje det viktigaste, men Sogn og Fjordane har jo eit veldig godt namn. Kringom blei årets bedriftsnamn i 2016 i konkurranse med fleire hundre andre. Det har blitt lagt merke til og det kling godt, så vi har ein sterk kandidat.

Han meiner likevel at det viktigaste er at kollektivtilbodet blir godt i den nye storfylket.

– Trur du det blir krangel om namnet?

– Nei, det er ingen grunn til å krangle om dette. Vi må krangle minst mogleg og vere opptekne av å gi gode tilbod til innbyggjarane våre.

Uvisst når arbeid med namnet startar

Fylkesdirektør Dina Lefdal i samferdsleavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune seier at dei enno ikkje har starta arbeidet med val av merkenamn på for den fylkeskommunale kollektivtrafikken i Vestland fylke.

– Det er mogeleg å køyre med to namn i ein overgangsperiode, seier Lefdal.

Ho kan førebels ikkje seie noko om når dei får tid til å starte arbeidet med namnevalet.