NRK Meny
Normal

Veit du kven partitoppane i fylket er?

Vi har tatt med bilete ut på gata og testa kunnskapane til folk.

Kor kjende er politikarane i Sogn og Fjordane? Me testa folk på gata. Og blant politikarane skjuler det seg også ein kjendis eller to.

Val
Synnøve Astrid Eimhjellen og reporter Wilhelm Støylen

50-50: Synnøve Astrid Eimhjellen kjende att ein god del, men måtte svara blant på nokre.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dette må vere ein elev ved skulen her. Ehh.. Nei eg veit ikkje heilt. Det er sikkert ein ungdomspolitikar herifrå ein stad. Kanskje ein ifrå unge Høgre?

Lærar på Sogndal vidaregåande skule, Synnøve Astrid Eimhjellen, innrømmer at ho ikkje har full oversikt over partitoppane frå fylket. På biletet ser ho KrF sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Tore Storehaug.

– Off kor eg dumma meg ut, seier ho når ho får vite kven som er på biletet.

Men Eimhjellen er ikkje åleine om å vere litt usikker på kven som er kven av partitoppane frå Sogn og Fjordane.

Vil lære meir

Marte Moen Heggstad og Marte Døsen Walaker

HAR EIT PAR ÅR PÅ SEG: Marte Moen Heggstad og Marte Døsen Walaker har eit par år før dei kan stemma. Då har dei litt tid på å setta seg inn i fylkespolitikken.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Øøh. ja. Det ser ut som eg har sett han i media før. Eg veit nok ikkje kven det er.

– Hilmar Høl heitar han.

– Åååhjaa, seier veninnene Marte Moen Heggstad og Marte Døsen Walaker.

Dei er 16 år og har god tid til å finne ut av ting før dei skal stemme ved eit Stortingsval.

– Vi burde nok lære litt meir før vi skal stemme, seier dei.

Lureri

For å gjere det ekstra vanskeleg for folk har vi lagt inn eit par lurebilete blant politikarbileta.

– Ho kjem frå... eeeh.. Det er Sigrid Moldestad! Ho er jo ikkje politikar, seier Gerd Marie Brekke frå Vik i Sogn, og ler godt.

Ho unngjekk å gå på limpinnen denne gongen. Og ho har grei oversikt over dei ulike politikarane i fylket.

Valgomat-test

TOK DEI FLESTE: Kjell Brekke og Gerd Marie Brekke kunne dei fleste, både politikarar og dei to kjendisane me sneik inn i bunken.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg prøvar å følgje med så godt eg kan, seier Gerd Marie.
Ho og mannen treff blink på dei fleste av bileta vi viser dei. Men ikkje alle.

– Ho der kjem frå FrP. Men eg anar ikkje kva ho heiter, seier Gerd Marie når ho ser på eit bilete av Britt Dalsbotten. Ho hiv seg uti det og trur ho veit kven som er på neste bilete.

– Det må vere ein høgrepolitikar. Han har blå dress og slips. Ja det må det vere.

– Om eg seier at dette ikkje er ein politikar?

–Eehh. Er det ein fotballspelar?

–Det er Even Hovland!

– Jaja, kjære vene. No ser eg det. Men jammen har han pynta seg, seier ho og ler godt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune