- Vi har fleire eksempel på at kosttilskot som blir selte over disk i utlandet kan innehalde Nandrolone, eller Nandrolone-liknande stoff. Og det også eksempel på at desse stoffa ikkje er nemnde i varedeklaresjonen. Vi må vere førebudde på at det kan skje igjen, seier Birkeland.
Toppidrettssenteret har likevel godkjent det nye kosttilskotet Grimseth kjøpte på Lanzarote. Birkeland vil ikkje kommentere om toppidrettsenteret her har handla galt, men meiner toppidrettsutøvarar tek unøvendig mykje preparat.
- Utøvarane har ansvar for kva dei puttar i seg, og vi har sagt i mange samanhengar at vi synest dei brukar for mange preparat.