Hopp til innhold

Vegvesenet: – Køyr forsiktig!

Kraftig snøvêr, sterk vind og dårleg sikt kjem brått på fleire bilistar over heile landet.

Vogntog

MÅTTE BLI BERGA: Dette vogntoget måtte bli berga på rv 7 ved Tufte som ligg vest for Geilo.

Foto: GUNNAR GRIMSTVEIT / NRK

Rv 52 over Hemsedalsfjellet er rydda vest for Bjøberg etter berging av eit vogntog.

Fv 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr.

– Det spørst om vegen over Sognefjellet opnar att i dag. Det er veldig dårleg sikt der. Brøytebilsjåføren sa han måtte stogge fleire gonger, seier Kjetil Molvær, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Dårleg vêr skapte trøbbel over Hemsedalsfjellet på fv 52.

– Tre vogntog stod fast ved Borlaug, og vi måtte difor stenge for større køyretøy. Desse kom seg vidare etter at ein brøytebil kom til staden, seier Molvær.

OBS-varsel fleire stader

Mykje nedbør og sterk vind gir vanskelege køyreforhold fleire stadar. Meteorologane har sendt ut OBS-varsel for Telemark, Agder, Rogaland og Vestfold, og det er varsla til dels store nedbørsmengder.

Gunnar Eilevstjønn køyrde på E134 mellom Seljord og Notodden i Telemark tysdag morgon, og varsla om snøføre.

– Det ligg snø i vegbana, og det er ganske glatt fleire stadar, sa Eilevstjønn.

Redusert sikt over fjellet i Sør-Norge

Det er snøvêr og sterk vind både på rv 7 over Hardangervidda, på rv 52 Hemsedalsfjellet og fv 50 Aurland-Hol. Det same gjeld E134 Haukelifjell, E16 Filefjell og fv 53 Tyin-Årdal.

– Fjellovergangane mellom aust og vest er dårlege. Det er redusert sikt, mykje vind og temperaturar på null. Den kombinasjonen er ekkel og ubehageleg for bilistane som skal over fjellet, seier Molvær.

Vegtrafikksentralen har fått telefonar frå folk som kvir seg til å køyre over fjellet. Molvær har ei klar oppmoding.

– Ha godt med drivstoff, gode vindaugsviskarar og gode dekk. Du bør vere litt forsiktig. Når vinden kjem i sterke kast bør du minke farten.

Full vinter i Sogndalsdalen

Frode Henden køyrde i Sogndalsdalen på rv 5 mellom Sogndal og Skei tysdag morgon. Der kjem snøen brått på for mange, meiner han.

– Det snør mykje. Fleire med sommardekk køyrer ut til sida.

– No er det kjempeskummelt. Det er sporete og glatt. Absolutt ingen god idé å køyre med sommardekk.

Snø

MYKJE SNØ: Dette er synet som møter bilistar på riksveg 5 i Sogndalsdalen.

Foto: JO MARIUS BØYUM

Vil roe seg frå føremiddagen av

Med sterk vind, snø og regn er det ruskete fleire stadar.

– Vi har målt vindkast på 25 meter i sekundet, så det bles godt på både fjellet og i dalstrøka, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

– Vil det lette ut dagen?

– Det er først på dagen det kjem mest vind og nedbør. Vinden vil roe seg frå føremiddagen av, seier Fagerlid.

På Austlandet skal nedbøren auke, og det er fare for flaum fleire stader.

– Bakken er metta av vatn. Det gjer regnet fort finn nye vegar, og kan lage flaum og ras, seier meteorolog Kristian Gislefoss.

Snø

VIND OG SNØ: Sånn ser det ut over Hemsedalsfjellet på rv. 52.

Foto: Webkamera/ Statens vegvesen