Hopp til innhold

Dette er framtida til fjellovergangane

I dag la Statens vegvesen fram ein rapport som slår fast at Hemsedal blir den nye hovudfartsåra aust-vest. – Det er framtida, seier avdelingsdirektør i vegvesenet, Kjell Kvåle.

Fjellovergang montasje

Filefjell, Hemsedalsfjellet og Sognefjellet

Den raudgrøne regjeringa bad vegvesenet sjå på alle fjellovergangane. I dag presenterte vegdirektør Lars Aksnes konklusjonen for samferdsleministeren.

Haukeli først, og deretter Hemsedal, blir hovudfartsårene aust-vest.

– Det heng saman med framtidig trafikkmønster. Med ferjefri E39 vil meir av trafikken frå Nordfjord og Sunnmøre naturleg velje Hemsedal til Oslo, mot at dei i dag i større grad vel Gudbrandsdalen. Då blir Hemsedal raskare og kortare, seier Kjell Kvåle, som var medlem i utvalet som leverte rapporten.

Bru og 20 kilometer lang tunnel under fjellet

På lang sikt legg vegvesenet opp til både bru mellom Mannheller og Fodnes, og tunnel under Hemsedalsfjellet.

– Bru er ei langsiktig løysing. Me ser nokså langt fram, men det gjer vegen endå meir attraktiv. Bru er med i dei samfunnsøkonomiske berekningane. Det er ei tilråding på lang sikt, seier Kvåle, og held fram:

Kjell Kvåle

STATENS VEGVESEN: Kjell Kvåle

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Vi ser for oss ei langsiktig løysing med ein tunnel på 20 kilometer under Hemsedalsfjellet. Då er vinterproblema løyst. Men det har ein høg prislapp og i mellomtida må vi satse på Filefjell når det gjeld vintertrafikken.

Filefjell blir likevel ferdig utbygd

For Filefjell er i dag stamveg aust-vest, og svært viktig.

– I dag går mest trafikk mot Oslo over Hemsedal. Men på vanskeleg vinterføre går trafikken over Filefjell, det er mønsteret i dag.

På Filefjell har det allereie vorte gjort mykje arbeid for å betre vegen. Planen var at arbeidet skulle vere ferdig i 2016. Kvåle seier at planane ikkje har endra seg.

– Vi har lagt til grunn at utbygginga over Filefjell blir fullført. Vegen innfrir forventningane til vinterregularitet. Haukeli har ein prislapp på nesten 20 milliardar. Bergenstrafikken skal framleis i lang tid gå over Lærdal, og kan då folk velje Hemsedal når det er fint ver, og Filefjell som reserve på dei vanskelege vinterdagane. Slik blir det i mange år framover.

Sognefjell, Hol-Aurland og Strynefjellet?

Vegvesenet legg i dag ikkje skjul på at dei andre fjellovergangane blir nedprioriterte.

– Sognefjellet kjem dårlegare ut, anten vi ser på kort eller lang sikt. Vi greier ikkje å forsvare så store investeringar der. Trafikkgrunnlaget er rett og slett for lite. Den kjem dårleg ut i rapporten, seier Kvåle.

Også dei som kjempar for betre veg mellom Hol og Aurland fekk dårlege nyhende i dag.

– Vi har meint at det er betre utviklingsmoglegheiter på dei andre strekningane, og difor har vi vald å gjere det framfor å ta med fylkesveg 50, sa vegdirektør Lars Aksnes på pressekonferansen.

På sin presentasjon av aust-vest utgreiinga skreiv leiar for utvalet, Hans Silborn at Strynefjellet sin betydning minkar når ferjefri E39 er klar.

– Det er konkurranse mellom Riksveg 5 Hemsedal og Strynefjellet om trafikken frå Sunnmøre. Samstundes har Strynefjellet eiga nytte. Men nytta er mindre enn kostnaden, seier Silborn.

No startar den lange prosessen med høyringar og nye utgreiingar, men Kjell Kvåle håpar nokre av tiltaka kjem med i nasjonal transportplan frå 2018.