Hopp til innhold

Vegvesenet: – Vegen er absolutt trygg for alle brukarar

Pendlaren Jens Friis opplevde å hamne midt i raset på E39 laurdag. Han kjenner seg ikkje trygg på at rassikringa langs vegen er god nok, men vegvesenet seier noko anna.

Ras stengde E39. Foto: Alf Vidar Snæland

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut etter raset på E39, på laurdag. Bileta viser tydeleg at mykje av massene har brote gjennom rassperringane i sida ovanfor vegen. (Foto: Alf Vidar Snæland)

Laurdag køyrer Jens Friis den nyopna delen av E39 mellom Sande og Vadheim, slik han gjer kvar dag når han pendlar mellom Lavik og Førde.

På radioen seier dei at vegen er stengd.

– Eg tenkte at det sikkert opna snart, så eg heldt fram same veg. Når eg kom fram til der raset var gått stod der nokre lastebilar, og arbeidsfolk dreiv å rydda. Ein bil køyrde først, så køyrde eg etter. Eg tenkte ikkje at det var noko skummelt, fortel Riis.

– I det eg snik meg forbi raset spring plutseleg desse arbeidskarane. Eg ser automatisk opp i raset, og ser at det kjem enda meir stein, tre og jord ned mot der eg stod. Då var det berre å gi gass.

Dette raset var det andre på kort tid på den nye strekka av E39.

Det er tilfeldig, meiner Vegvesenet.

Jens Friis hamna i raset

PENDLAR: Jens Friis kom etter raset hadde gått, men opplevde at det framleis kom stein og jord ned fjellsida laurdag.

Foto: NRK

Les meir om rasa på E39 her:

Ikkje spesielt rasutsett område

– Fanggjerdet har fungert i høve til hensikta. Det kan ikkje ta store ras, men demme opp for stein og slikt. Ut ifrå rasfaren i området har det fungert etter hensikta.

Det seier Svein Reidar Dale i Vegvesenet om rassikringa på den nye vegen. Han har hatt ansvar for utbygginga mellom Sande og Vadheim.

– Det er alltid risiko for ras på Vestlandet. Men fjellsidene og dalføra vi har, det er terreng som er krevjande. Det viser seg at mange ras går der det ikkje har gått tidlegare. Det har med både nedbør og andre ting å gjere, seier Dale.

– Det er ikkje noko pluss at det blir meir liv i terrenget, det er heilt sikkert. Men det er mykje meir fokus på rassikring no enn det var berre nokre år tilbake i tid.

– Men når vi ser at gjerda opnar seg, korleis kan det vere god nok rassikring?

– Ein kan aldri gardere seg hundre prosent mot slike ting. Men det er ein absolutt trygg veg for brukarane.

Dregebøvatnet

Nervøs når det regnar

Trass i Vegvesenet sine forsikringar om at vegen er trygg, har opplevinga sett ein støkk i Jens Friis.

– I etterkant har eg tenkt at kvar gong det regnar mykje må eg sjå opp i fjellsida. Eg kjem til å tenke litt på det, konstaterer Friis.

– Det er mange rasutsette stader vi køyrer kvar dag utan at vi veit om det. Vi kan jo ikkje bure oss inne. Men eg tenker at dei som har ansvar må sjå ein gong til om det må gjerast noko, avsluttar han.