Vegvesenet: – Stoppar like mange norske som utanlandske køyretøy med feil

Utanlandske sjåførar er ikkje alltid verst i klassen. Det var resultatet då Statens vegvesen kontrollerte 20.000 tunge køyretøy på Vestlandet i fjor.

Kontroll av vogntog

KONTROLL: Ved Håbakken i Lærdal har Statens vegvesen kontrollar på E16 som er livsnerven mellom aust og vest.

Foto: Borgar Sagbakken

– Vi ser ikkje store forskjellar mellom norske og utanlandske køyretøy når vi samanliknar talet på feil i kontrollane våre, seier direktør for trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen, Arve Tjønn Rinde.

Dagleg køyrer over tusen vogntog på vegane. Fleire av desse blir vinka inn på Statens vegvesen sine kontrollar med mål om å stogge trafikkfarlege vogntog.

Av norskregistrerte tunge køyretøy fekk 42 prosent av dei kontrollerte i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skriftleg mangel i fjor. Talet på utanlandske køyretøy med manglar var 38 prosent.

Totalt blei 14.222 norske køyretøy og 3700 utanlandske køyretøy kontrollerte i Region vest i fjor.

– Vi finn alltid noko vi kan setje fingeren på. I ein kontroll er norske og utanlandske sjåførar på same nivå i dei fleste tilfelle, men så har vi nokre verstingar som utmerker seg, seier Rinde.

Verre og fleire feil

Han ser likevel ein klar forskjell på tunge køyretøy frå Noreg og utlandet.

– Utanlandske køyretøy har ofte større og meir graverande feil. Dette blir plukka opp av media og får meir merksemd, seier Rinde.

No vil eit nytt lovforslag utvise utanlandske vogntogsjåførar som bryt vegtrafikklova.

– Tala gir oss ikkje sanninga

Norges Lastebileier-Forbund meiner tala frå kontrollen til Vegvesenet ikkje viser den fulle sanninga.

– Spørsmålet er kor mange norske køyretøy som berre blir sleppte forbi av kontrollørane, fordi dei har ein god historikk frå tidlegare kontrollar. Tala gir oss ikkje den heile og fulle sanninga, meiner Jan-Ove Halsøy, som er regionleiar for forbundet.

I vinter var det spesielt utanlandske vogntog som skapte trøbbel og ulukker på norske vegar. Det blei sett i gang storstila aksjonar for å ta verstingane, blant anna ved grensa i Nord-Noreg. Halsøy meiner tala frå ulukkesstatistikken snakkar for seg.

Jan-Ove Halsøy

IKKJE HEILE SANNINGA: Regionleiar Jan-Ove Halsøy i Norges Lastebileier-Forbund er skeptisk til tala frå kontrollane til Vegvesenet.

Foto: Christian Lura / NRK

– Utanlandske køyretøy er overrepresenterte i ulukkesstatistikken. Det er truleg ein kombinasjon av å vere dårleg skodde og sjåførar som er dårleg eigna til å køyre på norske vintervegar, seier Halsøy.

Han viser til tal frå forsikringsbransjen som syner at utanlandske sjåførar hadde skulda i 80 prosent av ulukkene, der utanlandske vogntog kolliderte med bilistar.

I kontrollane i 2018 delte Vegvesenet ut bruksforbod til 23,4 prosent av dei norske tunge køyretøya i Region vest, medan talet på utanlandske køyretøy med bruksforbod var 22,7 prosent. Det betyr at sjåføren ikkje får køyre vidare før feilen er retta opp. Ein vanleg grunn til bruksforbod er feil med bremser eller dårlege dekk.