NRK Meny
Normal

Vegvesenet: – Kom deg over fjellet i dag

Uvêr skapar vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg. På sundag kan det bli kaos på fjellovergangane.

Kjøring i kolonne og snøføyk på riksveg 7

SNØFOKK: På rv. 7 over Hardangervidda er det no kolonnekøyring.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Uvêret i fjellet er i ferd med å ta seg opp. Eg trur det kan bli kaos på vegane på sundag, så kom deg over fjellet på laurdag, seier Kjetil Molvær, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Rv. 13 Vikafjellet og fv. 50 Hol-Aurland er stengde, og det er stengd for køyretøy under 7,5 tonn på rv. 7 Hardangervidda. Kolonnekøyring på rv. 52 Hemsedalsfjellet og E134 Haukelifjell.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg. Frå laurdag ettermiddag vil kraftig vind og snø føre til trøbbel for alle som skal mellom aust og vest. Verst blir det på sundag.

– Fleire av fjellovergangane blir stengde om vêrmeldinga slår til. Filefjell er det sikraste kortet, seier Molvær.

Det er også sendt ut OBS-varsel for laurdag ettermiddag i Østfold, Vestfold og Telemark. Der kan regn som frys på bakken komme brått på trafikantar.

Laster Twitter-innhold

Dette er status på fjellovergangane i Sør-Norge klokka 20:00:

  • E6 Dovrefjell: Fare for glatte parti.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stengt for køyretøy under 7,5 tonn på grunn av uvêr. Kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.
  • Rv. 9 Hovden–Haukeli: Kolonnekøyring.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Fare for glatte parti.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Fv. 50 Hol – Aurland: Stengt.
  • Fv. 53 Tyin – Årdal: Redusert sikt på grunn av snøfokk.
Vegopning på Bergum i Førde kommune