Hopp til innhold

Vegvesenet: – Fleire år før eldre tunnelar er brannsikre

Kvart år blir det registrert 25 tunnelbrannar, men oppgradering av eldre tunnelar til dagens krav, er enno fleire år unna.

Fire farlege tunnelbrannar, har Sogn og Fjordane opplevd dei fire siste åra. 
I følgje vegvesenet vil det gå fleire år før tunnellane er trygge nok. Fjærlandstunnellen er blant dei som ikkje er sikre, etter dagens krav.

SJÅ VIDEO: Sjå sak om tunnelsikring i gamle tunnelar.

Leielys, store snuplassar og effektive vifter er dagens krav, men det vil ikkje vere på plass i eldre tunnelar før 2025, ifølge Vegvesenet.

– Det er sikkert ynskje om at det skal gå fortare, men det er mykje ein må ta omsyn til. Blant anna løyvingar og kapasitet til å få utført dette, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

I haust slo riksrevisjonen fast at arbeidet med branntryggleik i norske tunnelar burde gått fortare. Dei peika blant anna på at det i om lag halvparten av tunnelane ikkje hadde vore brannøving dei fire siste åra.

– Det er som å gå inn i eit bekmørkt rom.

Arve Dvergsdal

MÅTTE FØLGE KVITSTRIPA: Varabrannsjef i Jølster, Arve Dvergsdal, var ein av dei som måtte inn i Fjærlandstunnelen for finne folk.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Berre i Sogn og Fjordane har det vore fire farlege tunnelbrannar på fire år. Sist på tysdag då ein feiebil tok fyr i Fjærlandstunnelen på riksveg fem i Sogn.

I kampen mot klokka redda brannmannskap folk i panikk ut av røykhavet i ein seks kilometer lang tunnel utan naudnett, ingen plass å snu bilen, og utan noko form for leielys. Ein av desse var røykdykkar Arve Dvergsdal.

– Det er som å gå inn i eit bekmørkt rom. Det var tøft for dei som var fanga inne i tunnelen utan nokon form for retningssans, seier han.

Fjærlandstunnelen er blant dei som ikkje er sikre etter dagens krav.

– Tunnelen var bygd etter krav og forskrifter frå byggeåret. Dei nye forskriftene seier at tunnelane skal bli oppgradert med ny teknologi og ny kunnskap om sikring i tunnelane. Det vil komme, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Tunnelbrann

FEIEBIL TOK FYR: I Fjærlandstunnelen tok ein feiebil fyr. 13 personar måtte til sjukehus med røykskadar.

Foto: Sogn brann og redning