NRK Meny
Normal

Vegvesenet vil ha lang Strynefjellstunnel

GEIRANGER (NRK): Statens vegvesen vil ha ein ny lang tunnel opp Strynefjellet, med arm til Geiranger.

Ospelitunnelen

Tunnelane på Strynefjellet er ikkje lenger gode nok, meiner Statens vegvesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tilrådinga går på ein over 16 kilometer lang tunnel frå Skåre til Breidalen. Tunnelen vil koste 3,8 milliardar kroner.

Det kom fram då ei fornya konseptvalutgreiing (KVU) vart lagt fram i Geiranger i dag.

Ein 7,6 kilometer lang tunnelarm til Geiranger vil i tillegg koste 1,6 milliard, men staten legg til grunn at Møre og Romsdal fylkeskommune tek kostnaden.

Vil droppe parallelle tunnelar

Eit forkasta alternativ er nye parallelle tunnelar med dagens tunnelar, men politikarane kan også vurdere eit alternativ der ein let vere å bygge ny veg opp Strynefjellsvingane i fyrste omgang. Det vil verte rimelegare på kort sikt, men dyrare på lengre sikt.

Tone M. Oppedal i Statens vegvesen er tydeleg på at noko må gjerast med dei smale og svingete tunnelane.

– Vi skal no gjere tilleggsutgreiingar i rapporten for Samferdsledepartementet, som stiller spørsmål med kvifor vi har forkasta parallelle tunnelar. Arbeidet er venta å bli ferdig i september.

Møre og Romsdal til kamp

Fylkesordførar I Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap) er tydeleg på at vegen over Strynefjellet skal rustast opp. Målet for Møre og Romsdal er at vegen skal inn i NTP 2018–2029.

– Strynefjellet er nabofylket, men vi vil vere ein sterk og positiv kraft og medspelar for å få vegen utbetra. Vi har eit unaturleg høgt press på ferjesambandet våre. Rekninga for ekstraferjene er det fylkeskommunen som må betale, dermed bind vi også opp pengar vi kunne brukt på betre vegar, seier han.

Aasen meiner eit godt døme er at fiskeindustrien tek ferje frå Hareid til Sulesund og via Romsdal, i staden for å køyre Strynefjellet fordi tungtransporten fryktar tunnelane.

Trafikken gjennom ny Strynefjellstunnel er venta i 2040 å vere 1600 bilar i året i døgnsnitt. Armen til Geiranger vil ha vel 600 bilar gjennom ny tunnel.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast