Hopp til innhold

Servicebygningar rotnar på rot - Vegvesenet har ikkje nok pengar til vedlikehald

Fleire servicebygg langs vegane i fylket er i svært dårleg stand. Avdelingsdirektør i Statens vegvesen region vest, Nils Magne Slinde, vil ha meir pengar til vedlikehald, og mindre til nye prosjekt.

Nils Magne Slinde og stengd toalett

MÅ PRIORITERE: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen region vest, Nils Magne Slinde, seier dei må prioritere å halde vegane opne framfor vedlikehald. På biletet ser vi dei stengde dørene på toaletta på Utvikfjellet.

Foto: Arne Stubhaug/Jan Kåre Torheim / NRK

– Det er eit resultat av manglande løyvingar til vedlikehald over lang tid, seier Slinde.

NRK melde i førre veke om stengde dører på toaletta på riksveg 60 mellom Byrkjelo og Innvik grunna dårleg vedlikehald.

– Dette bygget er, på lik linje med mange andre bygg vi har langs vegane, i ei slik forfatning at vi ikkje lenger kan nytte det, fortel Slinde.

Må konkurrere med vegane

Avdelingsdirektøren seier at bygga er i svært dårleg stand, men at Vegvesenet må prioritere å halde vegane opne.

– Manglande vegservice fører ikkje til at vi må stenge vegar. Vi må gjere våre prioriteringar innanfor rammene vi har fått tildelt, og halde vegane opne, seier han.

Slinde trur det kan gå lang tid før vegvesenet har midlar til å ruste opp servicebygg langs vegane, på rasteplassar og på ferjekaiene.

– Vi har fått eit oppdrag frå fylkeskommunen der vi skal sjå på sterkt reduserte rammer til vegdrift og vedlikehald, på grunn av inntektssystemet som skal innførast. Dette vil gjere situasjonen verre, og då vil det ta lang tid før det finnast pengar til servicebygg, fortel han.

Slinde meiner dei allereie eksisterande midlane må omprioriterast.

– Vegvesenet har sagt frå om at vi må ha meir pengar til drift og vedlikehald, og mindre pengar til store nye prosjekt. Men når det blir bestemt kva som skal byggjast må vi rette oss etter det, seier avdelingsdirektøren.

Har forståing, men ikkje midlar

Arnstein Menes

INGEN LOVNAD: Leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes, har forståing for problematikken, men kan ikkje love meir midlar til vedlikehald.

Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes, kan ikkje love meir pengar til vedlikehald av servicebygg.

– Vi må sjå på dei konkrete tiltaka og kor mykje pengar det er snakk om. Men vi er i ein svært tøff økonomisk situasjon, der vi må kutte framfor å løyve meir pengar, seier han.

Menes merkar seg at Vegvesenet vil ha meir pengar til vedlikehald, og har stor forståing for situasjonen.

– Vi lytta til innspela frå Vegvesenet og vi må så på fordelinga midlane mellom drift og vedlikehald samanlikna med midlar til nye tiltak. Dette er ein av innspela vi kjem til å ta med oss inn i debatten, seier han.

– Eg har sjølv opplevd kor dårleg stand nokre av desse bygga er i, og eg er oppteken av problemstillinga. Samstundes kan eg ikkje love meir midlar med tanke på den økonomiske situasjonen vi er inne i, fortel Menes.