NRK Meny
Normal

Vegvesenet om uvêr i fjellet: – La bilen stå i kveld

Skal du over fjellovergangane i Sør-Norge bør du komme deg av garde no. Viss ikkje bør du la bilen stå.

Kjøring i kolonne og snøføyk på riksveg 7

SNØSTORM: Storm i fjellet kan råke helgeutfarten. Kombinasjonen av vind og nedbør byr på dårleg sikt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er meldt så mykje vind og nedbør at det kan bli situasjonar der fjellet kan bli stengt. Då kan det vere like greitt å la bilen vere heime, meiner Roger Nedberge Hille, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Aller verst blir det fredag når snø, regn og kraftig vind treff fjellovergangane i Sør-Norge og byr på snøstorm i dag.

– Må du over fjellet, så bør du gjere det så tidleg som mogleg før vinden og uvêret slår til. Tøff vind og mykje nedbør blir stikkord for starten på helga. Det gjer at vi kan få dårleg sikt og glatt vegbane. Tenk deg om før du tek turen, seier Nedberge Hille.

Det kan bli både kolonnekøyring og stengde fjellovergangar når uvêret slår til.

– Folk må vere budde på stengingar, så pakk med forskjellig som mat, drikke og varme kle.

Roger Nedberge Hille

KRAFTIG VIND BYR PÅ TRØBBEL I FJELLET: Trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille, er budd på tøffe tilhøve i fjellet til helga.

Foto: Jan Christian Jerving

Sendt ut OBS-varsel

Lågtrykk aust for Svalbard gir Norge vind frå nord og kaldare luft i helga. Det blir tøffe vêrforhold over fjellet i Sør-Norge og på fjellovergangane og i indre strok i Nord-Norge.

– Det er venta liten til full storm i fjellet. Den sterke vinden og all nedbøren gjer at vi har sendt ut OBS-varsel for vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Norge og Nord-Norge, seier meteorolog Gunnar Livik.

I tillegg er det OBS-varsel om sterk vind og mykje nedbør i Sør-Norge.

– Vinden tek seg opp i løpet av føremiddagen. Den kraftigaste vinden får vi seint på fredag.

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl gir deg værutsiktene for helgen

SJÅ HELGEVÊRET: Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl gir deg vêret for helga.

Trøbbel i trafikken

Denne veka har kraftig snøvêr, sterk vind og dårleg sikt kome brått på bilistar over heile landet. Fleire vogntog køyrde seg fast, blant anna på rv. 52 over Hemsedalsfjellet.

Seinast i går var fv. 55 over Sognefjellet stengd i fleire timar grunna berging av ein semitrailer. Semitraileren hadde full last, og det måtte to bergingsbilar til for å få den tilbake på vegen att.

Berging

50 TONN: To bergingsbilar måtte til for å få semitraileren opp på vegen på Sognefjellet.

Foto: FØRDE BILBERGING

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal ber dei alle lese seg opp på vegmeldingane før dei tek turen over fjellet.

– Vegmeldingane blir oppdaterte, så les desse, seier Nedberge Hille.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.