NRK Meny
Normal

Får pengar til både stort og smått

Pengar til veg er noko mange er opptekne av når dei har sett nærare på statsbudsjettet som vart lagt fram i dag. Sjefen for Vegvesenet i Sogn og Fjordane er godt nøgd.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– For Sogn og Fjordane som fylke må vi seie at vi er svært godt nøgde med framlegget, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde til NRK.no.

Han seier det er svært gledeleg at det kjem pengar til fleire store prosjekt, men set også pris på at det blir lagt opp til middel til mindre, men viktige prosjekt.

Her finn du oversikta over korleis samferdslemillionane skal brukast i Sogn og Fjordane.

Fleire positive overraskingar

Slinde seier det spesielt er to ting han vart positivt overraska over at politikrane no vil bruke pengar på.

Det gjeld ti millionar kroner til Loftesnesbrua på riksveg 5 i Sogndal, og 20 millionar til to strekningar på E39 mellom Vadheim og Sande.

– Dette var ikkje med i høyringsversjonen av budsjettet i juni, så det er overraskande, men ikkje mindre gledeleg at dei no er med, seier Slinde til NRK.no.

Han seier det er svært viktig at det no blir lagt opp til at ein skal kome i gang med desse prosjekta.

– Dette var prosjekt som var i ferd med å dette ut av komande nasjonale transportplan fordi dei ikkje var starta opp.

– No har dei fått oppstartsløyvingar, noko som betyr at dei får plass i neste nasjonale transportplan og vi er sikra gjennomføring, seier Slinde som gler seg stort over dette.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 5 Naustdal-Førde

REKKVERK: På riksveg 5 mellom Førde og Naustdal skal det mellom anna brukast pengar på rekkverk og utbetring av terrenget ved sidan av vegen. Dette er eit av dei mindre, men viktige tiltaka, seier Slinde.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Glad for pengar til mindre tiltak

Samtidig er Slinde svært glad for at det også er lagt opp til pengar til fleire. Dette gjeld tiltak som går på både trafikktrygging og velferda til trafikantane, seier han.

– Det er mange som kjempar om dei store prosjekta, men ikkje så mange som kjempar for dei mindre tiltaka.

– Dette er tiltak som er viktige for trafikantane i deg daglege, presiserer han.

I framlegget til statsbudsjett er det lagt opp til at desse mindre trafikktryggingstiltaka skal få pengar.

  • E39 Instefjordkrysset i Gulen – 14 millionar kroner
  • E39 Tiltak etter gang-sykkelinspeksjon Førde- Bruland – 2 millionar kroner
  • Oppgradering gangfelt i Førde – 1 million kroner
  • Veglys på E39 Vassenden og sørover – 4 millionar kroner
  • Rv 13 Oppgradering gangfelt Vik-Sogndal – 1 million kroner
  • E39 Klokkargarden-Hjelle i Fjaler, gang og sykkelveg – 24 millionar kroner
  • Rv 5 Førde- Naustdal rekkverk og sideterreng – 5 millionar kroner
  • Rv 15 Stårheim–Deknepollen–9 millionar kroner

(Kjelde: Statens vegvesen)

Håpar dei kan redde liv

Slinde seier at det mellom anna på dei to siste strekningane, Førde-Naustdal og Stårheim-Deknepollen, er viktig å bruke pengar på trafikktryggingstiltak.

– Dette er to strekningar der vi har vore plaga av stygge utforkøyringsulukker.

– Tiltak som rekkverk og grøfteoppussing og andre ting er ting vi håpar kan føre til at vi unngår alvorlege ulukker, seier avdelingsdirektøren.

Vil ha meir pengar til drift og vedlikehald

No vil han jobbe vidare med å sikre meir pengar til drift og vedlikehald.

– På riksvegane har vi ein dårleg situasjon på driftsbudsjettet. Vi skulle ønskt vi kunne drive meir med ting som grøftereinsk, skogrydding, forsterkingsarbeid. Det er forsømde tiltak både her i fylket og elles i landet.

– Frå Vegvesenet si side har vi i den nye nasjonale transportplanen sagt at det må satsast vesentleg meir på drift og vedlikehald enn det vi gjer i dag, seier Slinde.