Ferja Anda-Lote kan bli verande

Statens vegvesen kan kome til å tilrå at det også i framtida skal vere ferje på E39 over Nordfjorden. Kjell Opseth er uforståande.

Ferja "Gulen" trafikkerer sambandet Anda - Lothe på E39.

FERJESTRID: Statens vegvesen utelukkar ikkje at ferja over Nordfjorden blir verande også i framtida.

Foto: Jon Ivar Lote

- Me ønskjer å gi politikarane sjansen til å velje mellom alternativ med ulik prislapp, seier Kjell Kvåle, prosjektleiar i Statens vegvesen for den nye E39-trasé gjennom Nordfjord.

Opseth uforståande

Kjell Opseth

BRUFORKJEMPAR: - Bru over Nordfjord skal på plass, seier Kjell Opseth, leiar i selskapet som arbeider for bru over Nordfjorden.

Foto: NRK

Kjell Opseth er leiar i selskapet som jobbar med å få på plass ei bru mellom Anda og Lote, og stiller seg undrande til at Statens vegvesen seier at ferje kan kome til å bli løysinga også i framtida.

- Det som er sikkert, er at bruselskapet kjem til å jobbe for at brua kjem på plass. Ei bru vil knyte tettstadene i Nordfjord betre saman enn noko anna alternativ, seier den tidlegare samferdsleministeren frå Arbeidarpartiet.

Intens kamp

Det pågår ein intens kamp mellom kommunane i midtre og indre Nordfjord om kven som skal få stamvegen i framtida. I dag går E39 via Gloppen og Eid, men kan bli erstatta med stamveg gjennom Stryn.

Både i indre og midtre Nordfjord ønskjer folk seg ein ferjefri veg, men Statens vegvesen utelukkar altså ikkje at ferja over Nordfjorden blir verande også i framtida.

Det er Regjeringa som avgjer om ferja skal erstattast eller ikkje.

(Artikkelen held fram under kartet.)

Stamvegalternativ E39
Foto: Statens Vegvesen

Kan leve med ferja

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, seier at han kan godta ferje som ei mellombels løysing.

- Til brua er på plass må vi ha ferjeavgangar kvart 20. minutt, ikkje kvar halvtime som i dag, seier Sp-ordføraren.

Marit Elisabeth Larssen og Anders Ryssdal

HYPPIGARE AVGANGAR: Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen krev ferjeavgang kvart 20. minutt på Anda-Lote.

Foto: Aadne Gloppestad, Firda Tidend

Statens vegvesen skal leggje fram sitt prioriterte trasèval på eit møte med ordførarane i Nordfjord i slutten av månaden. Der blir den samfunnsmessige analysen lagd fram. Politikarane legg stor vekt på denne analysen når dei skal bestemme seg.