Hopp til innhold

Vegvesenet har ikkje pengar til rassikring

Ein stor stein pulveriserte rekkverket og danna eit stort krater i ein mykje brukt pendlarveg mellom Naustdal og Førde. Men vegvesenet har ingen pengar klare for å sikre området.

Ras mellom Førde og Naustdal

NÆRE PÅ: Mange pendlarar nyttar seg av riksveg 5 mellom Førde og Naustdal for å kome seg til og frå jobb. Vegen er rasutsett, og allereie fleire gonger i år har vegen vore stengt på grunn av ras eller rasfare. Onsdag rasa det att.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Geologen seier det ser greitt ut, men ynskjer å sikre området på ein god måte. Det er ikkje så stor fare for at det vil kome ned noko meir no, men lausmassar i skredområdet kan kome ned når det kjem meir og ny nedbør, seier avdelingssjef i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Onsdag kveld rasa ein stor stein ned frå fjellsida på vegen mellom Førde og Naustdal. Ein bil var truleg berre ei hårsbreidd frå å bli treft av den massive steinen som nærast knuste den eine vegbana. Eit klatre- og reinskelag er oppe i området torsdag ettermiddag for å fjerne det som ligg der av lausmassar og steinar. Geolog har vore på synfaring med helikopter torsdag.

– Vi reknar med å bli ferdige med reinskinga i dag, og alt tyder på det om dei ikkje støyter på nokon spesielle område, seier Finden.

Stein trefte riksveg 5. Foto: Alf Vidar Snæland

STEINRAS: Sjå video frå rasstaden. Foto: Alf Vidar Snæland

Kan ikkje love rassikring med det første

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen

INGEN PENGAR: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, kan ikkje bla opp pengar til rassikring av vegen mellom Naustdal og Førde med det første.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Mange bilistar pendlar på vegen, og torsdag morgon danna det seg raskt ein kø av bilar som venta på å passere rasstaden. Det er ikkje første gong det rasar frå fjellsidene i området. I januar vart vegen stengt grunna rasa, og nokre dagar seinare vart den stengd på ny grunna rasfare.

Årleg kjem det ned stein i vegbana. Likevel kan ikkje vegvesenet kome med lovnader om rassikring med det første.

– Det er gjort ein del kartlegging på området, og vi ser på behovet for å gjere meir kartlegging. Så må vi legge det inn i handlingsprogrammet som blir lagt fram etter Nasjonal transportplan, slik at vi får midlar til å få utført midlar til meir sikring, seier avdelingssjefen.

Mange prosjekt har allereie stilt seg i kø og håpar å rykke fram slik at dei kan få pengar til rassikring. Finden har likevel tru på at rassikring i området kan kome på plass raskt, utan lang sakshandsaming.

– Det er 500 millionar i frie rassikringsmidlar over 12 år. Vi må få meldt inn aktuelle prosjekt slik at vi kan få tak i midlar frå den potten.

Ras på riksveg fem mellom Førde og Naustdal
Foto: Alf Vidar Snæland