Hopp til innhold

Dalsfjorden kan få bru nummer to

Den beste løysinga for utbetring av fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug er ifølgje Vegvesenet ei bru over Svesundet til ein kostnad av 798 millionar kroner.

Svesundet sett austover frå Sveen i Bygstad

SVESUNDET: Her over Svesundet kan det bli bru dersom politikarane går inn for det.

Foto: Magnar Korsvoll

Statens vegvesen har sett på fleire løysingar for å få på plass betre vegstandard mellom Dale i Fjaler og Førde. På Fjaler-ordførar Arve Helle kom nyheita om at ei bru over Svesundet er beste alternativ, som ei overrasking.

– Eg hadde venta at det kom til å bli dyrare enn dei andre alternativa, så slik sett var dette ei positiv overrasking. Det viktigaste for Fjaler er å få ein god veg til Førde. Om den går her eller der har eg mindre sterke meiningar om, seier Helle.

Jubel i Gaular

I Gaular derimot har dei lenge drøymt om den løysinga som Vegvesenet no meiner er den beste. Nemleg bru over Svesundet og ein ny og betre veg frå Bygstad, forbi flyplassen på Bringeland og til Storehaug på E39.
Ordførar i Gaular, Mathias Råheim, jublar over konklusjonane frå Vegvesenet.

– Det er sjeldan vi får nyhende som er så positive for Gaular. Det vil bety ein skikkeleg veg, ikkje berre til Førde, men frå Bygstad og oppover. Folk i Fjaler vil kome seg raskare til flyplassen, seier Råheim.

Har sett på fire alternativ

Vegvesenet har vurdert fire vegtrasear. I tillegg til brua over Svesundet har dei vurdert opprusting av eksisterande veg til Sande, og den litt kortare vegen via Døskeland til E39.

Dei har også sett på det alternativet som mange nyttar i dag, nemleg frå Osen forbi Åmot Operagard til Bringeland.

Ingen av alternative er såkalla samfunnsmessig lønsame, men brualternativet kjem best ut.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den løysinga som gir mest til flest

– Det er det som gir størst innkorting i køyretid og gir best køyrekostnader for flest personar. Samtidig som investeringane står i høve til innsparingane, så dersom vi reknar på effektar, er det dette alternativet som kjem best ut, seier sjefsingeniør i Statens vegvesen, Olav Svangstu.

Han legg til at for at ein skal kunne ta ut effekten, så føreset det at ein klarar å finansiere eit såpass stort beløp.

– Det er det som blir den utfordringa politikarane må halde seg til, seier Svangstu.

Står på lista

Opprusing av Fv 57 står på prioriteringslista som Fylkestinget vedtok i 2009.

Der står Olden-Innvik og fylkesveg 60 gjennom Hornindal på 1. og 2. plass. Så står Fv 57 med bru over Svesundet på 3. Deretter bru ovre Ytre Steinsund og Atløysambandet. Kystvegen Måløy-Bremanger-Florø (45-minuttersregionen) som mange meiner må realiserast så snart råd er, står på den såkalla marginallista, utan prioritering.

Politikarane skal lage ny prioritert liste i løpet av 2013.

Arve Helle i Fjaler er klar på at opprusting av fylkesveg 57 må starte i hans kommune som framhald av tunnelen gjennom Nishammaren ved Dalsfjordbrua.

– Ein ser jo at med dei rammene som er til disposisjon og dei prioriteringane som ligg, og det kjem sikkert nye prioriteringsdiskusjonar, så er ikkje dette prosjektet noko ein klarar å kome i gang med på ein del år, seier Helle.

Han er klar på at opprustinga av fylkesveg 57 må starte i motsett ende, nemleg frå der den nye rassikringstunnelen kjem ut, like innanfor Dale.

Opnar for bompengefinansiering

Han legg til at ein ved å gå for ei slik løysing, også har moglegheita til å nytte bompengefinansiering. Det er ei oppfatning som Gaular-ordførar Råheim også deler.

– Eg håpar på ei raskast mogleg løysing på vegsambanda på begge sider av fjorden. Vi har i tillegg vanvittig dårleg veg frå Storehaug til Bygstad som det er heilt avgjerande å få gjort noko med, seier Råheim.

Sidan opprusting av denne vegen synest å måtte ta noko tid, er Høgre-mannen og bompengeskeptikaren Råheim, villig til å tenkje bompengar i eigen kommune.

– Dessverre er det blitt slik at bompengar er med å framskunde prosjekta kjappare. No er det tidleg i fasen, så ein må jo undersøkje trafikkgrunnlag, men eg ser heilt klart bompengar som ei moglegheit, seier Råheim.