Hopp til innhold

No er dei lei av å melde uvitande bilførarar til politiet

FØRDE (NRK): Skal du ut å køyre med tilhengar i næraste framtid? Statens vegvesen er lei av å politimelde førarar som gjer det ulovleg. Spesielt fordi dei meiner det er så enkelt å unngå.

Geir Leon Hetle

TRUR IKKJE FOLK VEIT BETRE: Geir Leon Hetle ber bilførarane ta grep for å unngå å bli politimelde.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Dei fleste vi har politimeldt har vore i god tru. Dei har vore uvitande om at dei køyrde ein køyretøykombinasjon dei ikkje hadde førarrett for, seier inspektør Geir Leon Hetle ved Vegvesenet sin trafikkstasjon i Førde.

I fjor politimelde han og kollegaene i Førde vel 30 førarar som køyrde rundt med ein kombinasjon av bil og tilhengar som dei ikkje hadde lov til. Hetle meiner det talet er alt for høgt.

– Dette er enkelt å unngå viss ein brukar Vegvesenet sin tilhengarkalkulator, seier Hetle.

Avisa Firda har også skrive om den aktuelle problemstillinga i dag.

Innvikla regelverk gjer at folk kan misforstå

Når vinteren etter kvart slepp taket er det mange som fyller opp ein tilhengar med hageavfall, eller hentar heim material til oppussing av hus og hytte. Skal du gjere det kan det vere litt komplisert å forstår seg på regelverket. På Vegvesenet sine nettsider finn ein nemleg følgande informasjon:

  • Har du førarkort for personbil, klasse B, er hovudregelen at du kan trekke ein tilhengar med 750 kilo som høgste lovlege totalvekt.
  • Det finst og ein såkalla «campingvogn-regel». Den gir bilførarar med førarkort for klasse B lov til å trekke ein tilhengar med lovleg totalvekt over 750 kilo, dersom summen av den lovlege totalvekta på tilhengaren og bilen si lovlege totalvekt til saman ikkje går over 3500 kilo.
  • Gjennomfører du ei minst sju timar lang obligatorisk opplæring kan du også få kode 96 på førarkortet, noko som gir deg lov til å føre ein bil og hengar med ei samla lovleg totalvekt inntil 4250 kilo.
  • Har du derimot førarkort for klasse BE kan du, viss du tok klasse BE 19. januar 2013 eller seinare, trekke ein tilhengar med lovleg totalvekt inntil 3500 kilo. Er tilhengaren si lovlege totalvekt over dette, må du ha førarkort for klasse C1E. Tok du derimot klasse BE før 19. januar 2013, gjeld ikkje avgrensinga på 3500 kilo for tilhengaren si lovlege totalvekt.

Hetle forstår godt at desse reglane kan vere forvirrande. Han meiner samtidig at det ikkje finst noko unnskyldning for å ikkje følgje dei.

– Eg vil anbefale at alle brukar Vegvesenet sin tilhengarkalkulator. Her tastar du inn kjennemerket på bilen og hengaren, og så kan du velje kva førarkortklasse du har. Då får du eit svar om du har lov å køyre tilhengaren etter bilen.

Tilhengarkalkulatoren til Statens vegvesen

GIR DEG SVARET: Legg inn kjennemerke på bil og tilhengar og vel kva førarkortklasse du har. Då får du svar på om du kan køyre med den aktuelle hengaren.

Slik bør du gjere det

Vegvesenet har fleire råd til dei som skal ut med hengar:

  • Bruk tilhengjarkalkulatoren på Vegvesen.no. Her får du også opp kor mange kilo du kan laste den spesifikke hengarar med.
  • Hugs at du må kontrollere dei tekniske avgrensingane i vognkortet til bilen. Uansett kva klassar du har på førarkortet må du ikkje gå over desse avgrensingane.
  • Sjekk lys, bremser og dekk på tilhengaren.
  • Sikre at lasta ikkje kan forskyve seg eller ramle av.

I første utgåve av artikkelen hadde vi skrive at dei som hadde BE i førarkortet kunne trekkje hengar med lovleg totaltvekt inntil 3500 kilo. Dette punktet er korrigert, då reglane er annleis for førarar som har køyrd opp til BE før 19. januar 2013. For dei gjeld altså ikkje avgrensinga med 3500 kilo.