Hopp til innhold

Vegvesenet sine nyaste metodar blir ikkje brukte – kan føre til treigare vegbygging

Vegvesenet sine nyaste metodar blir ikkje brukte når dei reknar på kostnadane på E39. Det kan føre til treigare vegbygging fordi ein ikkje får fram dei positive ringverknadane for samfunnet.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

KVAR SKAL E39 GÅ: Det er det store spørsmålet for tida. Det er venta ei avgjerd i løpet av våren.

Foto: Statens vegvesen

Alfred Bjørlo

TYKKJER DET ER FOR DÅRLEG: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid seier det blir brukt ein metodikk som held på å gå ut på dato.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I fleire år har Vegvesenet jobba med å ta i bruk nye reknemåtar som ser på samfunnsnytten av å knyte Vestlandet tettare saman. Men når Vegvesenet leverer offisielle innspel til politikarane, blir ikkje tala tekne i bruk. For dårleg meiner ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

– Det er eit stort paradoks. No tek vi avgjerder i eit hundreårsperspektiv, basert på ein metodikk som held på å gå ut på dato. Samstundes sit vegvesenet sjølv og har fått fram mykje ny kunnskap og forsking, men dette blir ikkje brukt, seier Bjørlo.

Opprørt vegforkjempar

I fleire år har Vegvesenet gjennom eit eige prosjekt for ferjefri E39 jobba med å få fram nytta av å knyte Vestlandet tettare saman. Nye reknemetodar viser ein heilt annan samfunnsnytte enn før av å få større bu- og arbeidsområde.

Men når Vegvesenet leverer dei offisielle tala gjennom konseptvalutgreiingar til politikarane, er metodane ikkje tekne med. Det opprører vegforkjemparar. På Sunnmøre jobbar dagleg leiar Kjell Sandli i Hareid fastlandssamband for Hafast på ytre Sunnmøre. Han ynskjer så fort som råd å knyte saman den maritime klynga i Hareid, Ulstein og Herøy kommunar med Ålesund.

Til liks med forkjemparane for midtre trasé I Nordfjord, er alternativet dyrare, men bind saman flest innbyggarar.

– Kunnskapen rundt samfunnsnytte har blitt mykje betre berre dei siste åra. Eg tykkjer det er rart at Statens vegvesen ikkje i mykje sterkare grad er oppteken av kva ein veg skal brukast til, seier han.

Meiner dette blir lagt vekt på

Olav Ellevset

REKNAR PÅ SAMFUNNSNYTTEN: Prosjektleiar Olav Ellevset for ferjefri E39 har jobba med å få fram nye metodar.

Foto: NRK

Prosjektleiar Olav Ellevset for ferjefri E39 i Statens vegvesen, har jobba med å få fram dei nye metodane for å rekne samfunnsnytte. Tala viser at den samfunnsøkonomiske lønsemda av å bli kvitt ferjer og knyte regionar tettare saman, er langt større enn innhaldet i dei meir tradisjonelle transportøkonomiske metodane som Vegvesenet framleis brukar. Metodane er framleis under utvikling, i samarbeid mellom anna med samfuinnsøkonomar ved NHH i Bergen og BI i Oslo.

Til saman snakkar ein om fleire titals milliardar i verdiskaping på heile strekninga på Vestlandet kvart einaste år. Men sjølv om dette ikkje er offisielle tal, trur Ellevset som er tidlegare regionvegsjef at politikarane har fått med seg innhaldet.

– Vi er sikre at dette er gitt politisk vekt allereie. Det er truleg at denne metodikken blir innarbeidd på ein eller annan måte. Det har vore vanleg å rekne på rundt 40 år når det gjeld samfunnsnytten. Men på ei slik investering som E39 er, veit vi det politiske miljøet ser det i lenger perspektiv, seier Ellevset.

- Sett på spissen, er det då slik at du som prosjektleiar for ferjefri E39 i Vegvesenet håpar at politikarane ser på meir enn det Vegvesenet kjem med i sine konseptvalutgreiingar?

- Ferjefri E39 er eit veldig langsiktig nasjonalt grep. Det er nok intensjonen politisk at ein skal legge vekt på dei meir langsiktige verknadane, og ikkje berre dei kortsiktige. Og der er det ein skilnad. Vi veit jo at den tekniske levetida vil vere minimum 100 år, og då er det naturleg å vurdere dei andre samfunnseffektane i eit lengre tidsperspektiv.

.LES OGSÅ: Fabrikksjefen på Nortura vil ha indre trasé for E39: – Han bommar totalt, seier bondeleiar.

Vil sjå det i større samanheng

Bård Hoksrud

STADFESTAR: Bård Hoksrud i Framstegspartiet stadfestar at dei ser på E39 i eit større perspektiv.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Bård Hoksrud frå Frp, stadfestar at dei ser på E39 i eit større samfunnsøkonomisk perspektiv. Samstundes understrekar han at Vegvesenet i sine konseptvalutgreiingar har eit regelverk dei må halde seg til.

– Det er på bakgrunn av heilskapen at regjeringa tek dei avgjerdene dei gjer. Men Statens vegvesen skal sjølvsagt halde seg til dei vedtaka som ligg der frå før av.

Regjeringa har sagt at dei vil sjå på nye metodar for å få fram kva vegbygging faktisk betyr for norsk økonomi.

– Det står også i regjeringsplattforma at ein skal sjå på den samfunnsøkonomiske lønsemda, det vil seie kva slags kriterium som skal vere med når ein legg til grunn dei prosjekta som skal byggjast.