Vegvesenet ber bilistane ta det med ro

I løpet av natta har det kome mykje snø i store deler av Sogn og Fjordane. Snøfallet har ført til mange glatte vegar.

Glatte vegar i Førde.

NULLFØRE: Vegvesenet ber folk køyre forsiktig, spesielt i rundkøyringar og kryss. Biletet er teke i Førde sentrum onsdag morgon.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier dei har blitt kontakta av fleire om vanskelege køyreforhold i morgontimane.

– Vi har fått inn litt klager på manglande brøyting frå heile fylket, men mest i Sunnfjord og indre Sogn. Brøytebilane er ute, men det er ikkje så lett å vere overalt samstundes. Dei jobbar med saka, seier Molvær.

30 cm snø i Framfjorden

Molvær fortel at det jamt over har kome kring fem centimeter snø på vegane, men i Framfjorden i Vik har han fått melding frå ein entreprenør om at har kome 30 centimeter snø i natt. I kommunesenteret skal det vere kring 10 centimeter.

Glatt føre på Vassenden.

GLATT: Denne lastebilen fekk problem på glatta på Vassenden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Molvær har denne oppmodinga til dei vegfarande:

– Ta det med ro når du næmar deg rundkøyringar og kryss. Det er ofte der folk merkar at det er glatt. Det er nullføre ute no. Det er ein slik dag der du ta det med ro på vegen. Det er betre å kome fram fem minuttar for seint enn å bulke eller oppleve det som verre er, oppmodar trafikkoperatøren.

Problem på E39 i Førde

Utover meldingane om glatte vegar, flyt trafikken greitt på vegane, bortsett frå på E39 sør for Førde. Klokka 07.59 melder vegvesenet at det er redusert framkommelegheit på E39 i Halbrendslia på grunn av bilberging. Politiet har rykka ut for å dirigere trafikken, då det er lange køar på staden. Det er ein semitrailer som står fast på glatta, opplyser politivakta.

Rundt ti på halv ni onsdag morgon melder politiet at ein personbil har sklidd utfor vegen på fylkesveg 60 over Utvikfjellet. Også politiet ber folk køyre varsamt på glatta.

Fylkesveg 53 ved Jåteli i Øvre Årdal, var elles stengd ei stund onsdag morgon grunn av snøras. Den er no opna igjen for fri ferdsel.

Betre ver utover dagen

Meteorologisk institutt melder at veret skal lette utover dagen. Dei melder om skya ver, periodar med snø og til dels regn i låglandet. Frå seint i ettermiddag skal det verte lettare ver.