Hopp til innhold

Vegvesenet beklagar ferjetrøbbel i Nordfjord

Vegvesenet beklagar at folk har blitt ståande i lange køar på det viktige ferjesambandet Anda-Lote. Dei understrekar at det ikkje er noko folk skal måtte vende seg til.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden

BEKLAGAR: Svenn Finden i Vegvesenet beklagar at

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er klart det er beklageleg når folk vert ståande att, seier avdelingsdirektør mi Vegvesenet Svenn Finden.

Køane har hopa seg opp på ferjesambandet denne veka. Grunnen til det er at den faste ferja MF «Årdal» har vore på verkstad. Reserveferja MF «Sognefjord» har mykje mindre kapasitet.

Frå før er sambandet Anda-Lote ein strekning der ferjeselskapet Fjord1 har fått mykje kritikk på grunn av mange innstillingar og forseinkingar. Det er likevel Statens vegvesen som har det øvste ansvaret for at ferjetrafikken går slik den skal.

– Det er ikkje så mykje vi kan gjere akkurat no. Vi har ikkje noko anna ferje å setje inn når hovudferja no er inne til reparasjon. Det blir nokre dagar med redusert kapasitet no, og så vil MF «Årdal» vere tilbake i drift, seier Finden i Vegvesenet.

Kø, Anda-Lote

KØ: Slik har køen sett ut medan ferja MF «Årdal» har vore inne til reparasjon.

Foto: NRK.no-tipser

Finden fortel at dei har fått ein del telefonar frå irriterte ferjepassasjerar som har blitt ståande att på land i kø. Også her på NRK Sogn og Fjordane sine sider har ein kunne lese sterke reaksjonar på den reduserte kapasiteten.

– Tenker du nokon gong på dei som skal på arbeid, skal rekke barnehagen, basaren, foreldresamtalen eller kva det no er på andre sida av fjorden? Spurte Nils Ola Strand i eit innlegg på Facebook.

Blir betre etter nyttår

Vegvesenet kan altså ikkje love noko forbetring dei neste dagane. Det betyr at MF «Sognefjord» framleis vil vere ferja på Anda-Lote fram til hovudferja er tilbake. Likevel seier Finden at ting skal bli betre etter nyttår.

– Frå nyttår er det to ferjer som skal gå på sambandet, i staden for berre ei. Det blir ei vesentleg endring. Begge ferjene vil ha god kapasitet, og eg trur vi vil klare å ta unna den trafikken som er, seier Finden.

Les også: – Er Fjord1 til for oss, eller er det kundane som er til for Fjord1?